Millionar sikrar gul stripe

— Dette var svært gledeleg for prosjektet at vi kan fullføre med gul stripe til […]

— Dette var svært gledeleg for prosjektet at vi kan fullføre med gul stripe til Vassvik. Vi har erfaringar med at det ikkje er så lett å få pengar til små kniper som står igjen. Dei ekstra millionane er ei lukkeleg løysing for oss og trafikantane. No kan vi ta heile strekninga i eitt anbod, seier Odd Sæveraas, prosjektleiar i Statens vegvesen.
Godkjent utviding
Planen var ny veg frå Rullestad og til grensa mellom Etne og Odda. Men sidan prosjektet vart billigare enn venta, foreslo Vegvesenet å halde på den opphavlege bompengeperioden og lage meir veg. Men då måtte også staten gå inn med sin del. Ti millionar kroner i budsjettforslaget til Bondevik-regjeringa var ikkje godt nytt i så måte for søknaden. Men no har altså den nye regjeringa plussa på til 30 millionar kroner, og stadfesta at prosjektet skal utvidast med 1,7 kilometer slik Statens vegvesen og kommunane har slutta seg til.
Dermed er det pengar til å gå i gang med heile strekninga frå Rullestadtunnelen og til Odda grense og vidare den smale strekninga 1,7 kilometer inn til Vassvik.
Våren 2007
Det blir dermed todelt opning av den nye parsellen. Rullestadtunnelen skal som planlagt opne til ferien 2006.
— Eg reknar med at resten av parsellen blir ferdig til våren 2007, seier Sæveraas.
Samanlikna med forslaget frå den gamle regjeringa plussa den nye på med 30 millionar til stamvegane, og E134 Rullestadjuvet fekk altså 20 millionar av den ekstra potten. Heile prosjektet er finansiert gjennom eit spleiselag der bompengar og statlege løyvingar utgjer kva sin halvpart.