Som ein del av det direkte ordførarvalet i Ølen fekk Arne Bergsvåg ein million kroner til disposisjon. Det er pengar ordføraren står fritt til å bruke og som han berre skal rapportere vidare i det politiske systemet. Millionen skulle gi ordføraren litt armslag.
Når det første prøveåret snart er ferdig, viser det seg at millionen ikkje er brukt til så mange sprell i ordføraren sin regi. Bergsvåg har spart på pengane, og no går 700.000 kroner med for å hindre at kommunen går med underskot.
Svinebunden
— Eg har vore tilbakehalden med å flagge bruken av millionen sidan eg visste at det var usikkert om økonomien gjekk i balanse. Det ville vere feil å bruke pengar til andre tiltak når eg visste at det ville bli vanskeleg å få økonomien til å balansere. Dette er den mest fornuftige bruken av pengane i år, forklarer ordførar Arne Bergsvåg i Ølen.
Det var alt i utgangspunktet klart at det ville bli så som så med ordføraren sine armslag til å bruke pengane som han ville. Han var i realiteten svinebunden sidan han fekk ein million til disposisjon samstundes som budsjettet for 2004 viste minus alt i utgangspunktet.
Litt igjen
— Eg synst ikkje ordninga er mislukka fordi om eg har brukt mesteparten til å dekkje underskot. Eg har hatt ei opning til å bruke pengar dersom noko spesielt skulle dukke opp, og litt er jo brukt til ein del formål. Ein treng meir enn eit år for å konkludere om ei slik ordning har noko for seg, seier Bergsvåg.
Ølen-ordføraren har igjen 170.000 kroner av millionen som enno ikkje er brukt. Regnskapet hans ser førebels slik ut:
n 700.000 kroner til å dekke opp kommunen sitt underskot i 2004. Han stilte pengane til disposisjon ved den siste budsjettkontrollen.
• 50.000 kroner til ungdomstiltak som blir utbetalt dersom det er lite hærverk i sentrum. Det ser ut til å ha verka.
• 30.000 kroner til badestrand i Vikebygd.
• 10.000 kroner til 50-års jubileet til Arqebusmuseet i Tysvær.
• 15.000 kroner til ein etablerar. Ølen har ikkje ei krone til næringsstøtte etter at den statlege overføringa vart avvikla.
• 15.000 kroner til bygdeutviklingskonferansen på Bjoa.
Sagt nei til fleire
Sjølv om Bergsvåg har halde ein låg profil med ordførar-millionen, har det ikkje mangla interesse for den.
— Eg har stadig blitt minna om den. Dessutan har aktørar med prosjekt på gang og forskjellige organisasjonar spurt om støtte som eg har sagt nei til. Det har ikkje mangla på gode tiltak å bruke pengane på, seier han.
Han opplyser at tanken bak at ordføraren disponerer ein prosent av budsjettet, er at det gir ordføraren styrke til å kunne forhandle om budsjettet.
— Sidan direkte vald ordførar ikkje er vald av kommunestyret, treng han eit slikt verkemiddel for å skaffe seg fleirtal. Difor reknar eg med at ein del av neste års million blir brukt i budsjettet for 2005. Men langt frå heile, seier Bergsvåg.
Men budsjettet for neste år må gå i balanse for at ordføraren skal kunne ha pengar til overs. Denne balansen har dei forplikta seg til i avtalen om kommunesamanslåing med Vindafjord.
Millionen med i sluket
Som ein del av det direkte ordførarvalet i Ølen fekk Arne Bergsvåg ein million kroner […]