Min barndomsbekk

Ja, heime der song vatnet alt frå mi fyrste tid, Grautånå-bekken nynna skiftande tekst og […]

Ja, heime der song vatnet alt frå mi fyrste tid,
Grautånå-bekken nynna skiftande tekst og melodi.
Helst stilt, men stundom kraftig, når regnflaumen kom,
då som eit heilt orkester, sin styrke den brølte om.

Den bekken var til nytte, der henta me drikkevatnet vårt,
det var så reint forfriskande, så sprudlande og klårt.
Til avkjøling der, vart mat og melkespannet ofte sett,
bekken fungerte fint som kjøleskap og lekeplass i eitt.
Me vaska fiskefangsten, klærne vaska mor, på naturleg vis,
på vinterstid me måtte stundom hogga hål i kraftig is.
Og så tolmodige med vassausa få dei livfulle dråpane opp,
så fekk me fylt i bøtta, takk for bekken, den var topp.
Som ganske ung eg reiste frå den kjære heimstad ut,
tidt i livet sidan eg sakna bekken, sjøen og Lysenut.
Der var så vakre tonar for vatnet er tidlaus musikk,
når sjøen spegla kveldssol, det trylte tidt mitt blikk.

På Finnskogen ved Røgden slår bølger taktfaste mot strand,
den og skogsbekken synge saman som i mitt barndomsland.
Eg synge med til kvardags, glad på framtidsveg tar fatt,
i hjarta takkar Skaparen for eg fann barndoms-songen att.

Så mykje er forandra sidan eg Sandeid, heimbygda forlet,
på ei solrik høgd med vidt utsyn, eg i «Morgonlandet» set,
høyrer bølgene og bekken, storskogs-suset stemmer også i;
Menneske takka glad for livet, og for naturen sin harmoni.

Marit (f. A. Vestbø)