Minivinmonopol

Ideen hennar er ikkje ny, vi hugsar ho i fjor sa i pressemelding at ho […]

Ideen hennar er ikkje ny, vi hugsar ho i fjor sa i pressemelding at ho ville ha vinmonopol i alle kommunar som ville ønske det. Grunngjevinga er den same: Det er for lange avstandar for mange menneske for å kjøpe alkohol. Vi hugsar også at SV hadde framlegg om «skapsprit» – sprit i skap i såkalla grissgrende strok.
No skal det altså bøtast på at ikkje alkohol er tilgjengeleg over alt. No skal det vere småbutikkar som er rekna å selje mellom 25-50.000 liter i året. Men det skal også seiast at andre parti legg opp klåre føringar om at alkohol, det må det vere mest mogleg tilgang til.
Det er noko rart med politikarane når det gjeld omsetning av alkohol. Samstundes som dei legg opp til ei liberalisering av omsetninga, skulle ein tru at dei ikkje kjenner samanhengane mellom marknadsføring og forbruk. Det synest ikkje truverdig når regjeringa seier at dei vil bremse liberaliseringa av norsk alkoholpolitikk. Det kan da vel ikkje vere annleis for alkohol enn andre varer når dei vert marknadsførde. Ved å gjere tilgangen mest mogleg må det reknast med auka sal.
Når helse- og omsorgsministeren meiner at framlegget hennar vil demme opp for kravet om vinsal i daglegvarebutikkane, synest det tvilsamt at det vil verke slik. Ein ville heller tru at kravet vert sterkare – det skal ikkje vere skilnad, kravet om likskap vil nok bli fremma sterkt, og det vil berre vere spørsmål om tid før vinsalet kjem i daglegvarehandelen.
Det synest som eit bra samantreff det som kjem fram i ei NTB-melding for litt sidan. Der heiter det at nordmenn drikk stadig meir. Vinforbruket er dobla på få år, og alkoholforbruket har auka med 30 prosent sidan 1996. Vi får høyre at talet på alkoholrelaterte skadar har auka dramatisk.
Det er i grunnen noko som ikkje stemmer når det i NTB-meldinga heiter at regjeringa seier at lågare prisar og auka tilgang er uansvarleg populisme frå dei borgarlege partia. Det er sant det, men kva med dei nemnde framlegga frå regjeringa med vinmonopol over alt.
Ein skulle tru at oppslag om at nordmenn drikk som aldri før skulle gjere inntrykk, men eg trur at det framleis – også i den komande valkampen – vil kome nye forslag om liberalisering av alkoholomsetninga her i landet.

Osvald Nordhaug