Minna Arquebus for tiande gong

Det var mindre folk enn det som kanskje var venta då marsjen til minne om […]

Det var mindre folk enn det som kanskje var venta då marsjen til minne om Arquebus vart arrangert for tiande gong søndag formiddag.
Arquebus var kodenamnet til Sverre K. Andersen og den hemmelige radiosendaren som var sett opp på løa ved Eikås. Son av Sverre K. Andersen, Svein Andersen, heldt ein appell ved minnestøtta og hadde med seg barnebarnet Magnus Lygre Andersen for å leggje ned krans. Ein rørt son av Arquebus fortalde om den viljen og innsatsen far hans, saman med andre motstandspionerar, hadde hatt i krigen. Foreldra hans og folk frå distriktet var gjennom nokon veldig tøffe år i krigen, og måtte til slutt tapa livet sitt.
— Takk for det arbeidet som har blitt gjort med å setja opp støtta. Det er flott at vi kan minnast Arquebus her ved støtta og få gå denne minnemarsjen, sa han i talen sin.
Tre år etter at Ølen kommune si kulturavdeling hadde hatt ansvaret for turen, overtok Vikebygd orientering og har nå hatt ansvaret for marsjen dei siste sju åra. Dei 45 som var påmelde brydde seg lite om det skulle kome regn, for det heiter jo at «det finst ikkje dårleg ver, berre dårlige kler».
Folk frå Haugesund og Karmøy er med og går minnemarsjen, men dei fleste kjem frå distriktet. Den kring fem timar lange turen, på nesten fjorten kilometer, gjekk frå Eikås og opp til Vikestølen, så til Longåsdalen og ned til Bjordal.