— No gjenstår berre ein stor artist til fredagskvelden, så er programmet komplett. Eg kan ikkje røpa nokon namn, men truleg blir det ein utanlandsk artist som blir trekkplaster på fredagen. Eg må seia at eg er fantastisk fornøgd med det totale programmet i år, seier Alf Warloe Christophersen.
Han fortel om god respons i frå publikum.
— Me har aldri hatt så godt billettsal på denne tida av året nokon gong, og tilbakemeldingane på programmet har vore kjempebra, seier han.
Ungdomsvennleg
Mira Craig står på scenen torsdag kveld. Denne kvelden er det 15 års aldersgrense, dermed kan også dei yngste gjestene i Skånevik få ta del i festivalstemninga. Mira Craig har på kort tid blitt ein av dei mest suksessfulle artistane i Noreg.
For sitt debutalbum «Mira Mira», fekk ho flotte kritikkar og høge listeplasseringar. I 2006 blei ho Årets nykomar ved utdelinga av Alarmprisen, og i det siste har ho samarbeida med verdstjerner som Snoop Dogg, Fugees og Wyclef Jean.
— På torsdagen skal også Joe Bonamassa opptre. Han er ein framstormande blues/rockeartist i USA. Kven som skal varma opp for kven er eg jammen ikkje sikker på, seier Alf Warloe Christophersen.
Han er ikkje i tvil om kva han er mest nøgd med i årets program.
— ZZ Top. Det er det ikkje tvil om. Dei måtte me kjempa veldig lenge for å få, og eg trur dei kjem til å bli eit av høgdepunkta i festivalens historie. Eg trur me har fått til eit festivalprogram som gjer eit breitt publikum det dei vil ha, seier han.