Barbro Ramstad har vore skada i heile sommar, og det var først i veka før NM ho fekk begynne å trene skikkeleg.
— Dette var likevel skuffande. På 3000 meter var eg 35 sekund bak pers, på 1500 meter var eg 16 sekund bak mi bestenotering. Det var svakare enn eg hadde trudd, seier Barbro, som vann junior NM innandørs på 1500 meter i vinter.
— Formen var nok fleire hakk betre då, seier ho. Barbro har ikkje heilt gitt opp håpet om at det skal vera mogleg å få til nokre brukbare løp før året er omme.
— Sesongen går mot slutten, men eg hadde så bra treningsgrunnlag at eg trur det skal vera mogleg å komme tilbake på litt nivå om nokre veker. Kva som gjekk feil her under NM veit eg kort og godt ikkje, innrømmer ho.
Tøff vår
Barbro presiserer at det gjekk tungt i vår òg før ho blei skada i eit kne.
— Eg var i veldig bra form i vinter, men i vår var eg nok stressa på grunn av fleire tøffe eksamenar, og presset på skulen var stort i heile mai, innrømmer Barbro, som studerer petroleumsteknologi i Stavanger, men ho spring framleis for HIL. Ho understrekar at det ikkje er aktuelt å gje seg.
— Etter eit så middelmådig NM kjem ikkje det på tale. Eg har framleis mykje ugjort, avsluttar ho.
Ingen til NM?
Det ser ikkje ut til at det blir nokon frå Etne under hoved-NM i Bergen om litt over ei veke. Knut Erik Rame har lagt opp. Det same har Kjetil Ramstad inntil vidare. Kjetil Magne D. Hals har kvileår, medan Ingemund Askeland er på veg tilbake etter skade. NM kjem imidlertid litt for tidleg for han.
Lillebror Lars Håkon Ramstad (15) jobbar for å ta UM-kravet (NM for ungdom). I augneblinken er han berre nokre tidelar bak. UM går første helg i september i Moss.