Mista livet i tragisk ulykke

Utforkøyringa blei oppdaga i 17-tida sundag. Bilen låg opp ned i ei elv som går […]

Utforkøyringa blei oppdaga i 17-tida sundag. Bilen låg opp ned i ei elv som går under vegen på ein smal, men rett vegstrekning i Tørresdal, på vegen mellom Sagi og Åmsosen. Ulukka skjedde like ved bustaden til den omkomne, som var frå Vats, men budde i Skjold. Politi og mannskap frå vegvesenet var sundag og måndag på åstaden og gjorde undersøkingar og registreringar.
Ukjend årsak
I følgje lensmann Ingvar Gjærde har ulukka skjedd etter klokka 02.00 natt til sundag. Bilen, som var ein større Ford cab-type, køyrde i retning Solheim, då han, i følgje Gjærde, først kom utfor vegen på høgre side, fekk retta seg opp att, men hamna utfor igjen på venstre side. Då bilen skulle opp andre gong fekk han sladd på seg, skrensa over vegen og trefte autovernet på andre sida. Det greidde ikkje å ta unna for den tunge bilen, og autovernet knekte.
— Bilen har trilla rundt før han la seg på hovudet i elva. Avdøydde blei funnen under bilen, opplyser Gjærde.
Vatnet er kring halvannan meter djupt der bilen blei liggjande på taket.
Det er ikkje kjend kvifor føraren mista kontrollen over bilen, og bilen treng, i følgje Gjærde, ikkje å ha hatt stor fart. Den omkomne blir i tråd med rutinane obdusert på Gades institutt for å stadfeste dødsårsak og tidspunkt. Biltilsynet si ulykkesgruppe analyserer spor frå åstaden, og Statens vegvesen hjelper til med gjennomgang av bilen for å få fram meir informasjon om kva som har skjedd. Politiet har også snakka med dei som sist var i kontakt med den omkomne.