Mistillit bak kuttforslag

Frp har fått støtte frå Høgre i eit alternativt budsjett for nye Vindafjord for 2006. […]

Frp har fått støtte frå Høgre i eit alternativt budsjett for nye Vindafjord for 2006. Der er det lagt inn eit kutt i drifta på nærmare 13,9 millionar kroner. Opposisjonen i det nye kommunestyret vil dermed kutte over det dobbelte av det formannskapet går inn for.

Oppblåst med millionar
Gruppeleiar Terje Halleland i Vindafjord Frp meiner forslaget ikkje er så drastisk som det kan sjå ut til samanlikna med det rådmann Helge Thorheim og fleirtalet i formannskapet går inn for. I følgje Halleland er budsjettala for å oppretthalde dagens drift ikkje reelle, og at ein del av millionane dermed er enkle å kutte.
— Vi får ikkje tala til å stemme. Budsjettet til rådmannen er urealistisk høgt og det ligg inne ein aktivitetsauke samanlikna med dagens drift i dei to kommunane. Eg trur budsjettet er blåst opp med fem-seks millionar kroner, seier Halleland.
Han er kritisk til talmaterialet han har fått frå administrasjonen, eit materiale han meiner har gjort det vanskeleg å arbeide med alternative forslaget.
— Vi spurte etter fem-seks tal og fekk over 30 sider, seier Halleland.
Han har ingen dokumentasjon for at forslaget frå rådmannen er oppblåst, men han er ikkje i tvil om at det er noko som ikkje stemmer.

Ikkje redd bråk
Men Halleland er ikkje skremt av om det skulle bli eit reelt kutt på 14 millionar neste år i tråd med Frp sitt forslag. Han er ikkje redd for at det skal skape trøbbel og stor uro blant både tilsette og innbyggjarane i den samanslåtte kommunen.
— Eg vil heller ta bråket med ein gong og bli ferdig med det. Det er feil pedagogikk å dra desse innsparingane over fleire år slik fleirtalet i formannskapet går inn for. Vi bør gi eit signal til organisasjonen at budsjettet skal gå i null. Gjer vi ikkje det raskt, vil det setje seg ei drift vi ikkje har råd til. Det blir tyngre å endre på seinare, seier Frp-leiaren.
Han er svært kritisk til det nye servicetorget som han meiner går feil veg med fleire stillingar enn før.

30 årsverk
I stillingar betyr kuttet i alle fall at 30 årsverk må ut av lønningslista i den nye kommunen. Halleland har inga konkret oppskrift for kor han vil kutte desse stillingane. Hovudstrukturen med skular i alle bygder og to sjukeheimar, vil også Frp oppretthalde.
— Det kan kanskje bli vel tøft å skjere ned med 30 stillingar på eitt år, så detaljane og tidshorisonten kan vi vere med på å diskutere. Hovudpoenget er signalet ut til einingane og at vi må gjere denne jobben raskare enn det formannskapet går inn for, seier Halleland.
Uansett ser han ingen veg utanom å redusere på tenestetilbodet i kommunen for å få budsjettet i balanse. Han ser ingen grunn til å vente med kutt i håp om at den raud-grøne regjeringa vil stille opp med fleire kommune-milliardar.
— Vi har fått ekstra tilskot frå denne regjeringa, og eg trur ikkje vi får meir. Difor må vi etablere drifta på nivå med dei inntektene vi har i dag.