Misvisande om HSD-ruter

Men ikkje eit vondt ord til journalisten:  Det er vanskeleg å lesa ruteheftet med det […]

Men ikkje eit vondt ord til journalisten:  Det er vanskeleg å lesa ruteheftet med det opplegget HSD har nytta. Til trøyst og orsaking for HSD kan seiast at det jammen er vrient nok i rutehefta til mange andre ruteselskap og!
Så til feilinformasjonen.  I ingressen til artikkelen heiter det:  «Frå å ha hatt fem daglege avgangar til Bergen har Skånevik no berre ein». Dette er feil, men feilen er ikkje lett å sjå.  Skånevik har no fylgjande avgangar til Bergen:
1 Avgang frå Skånevik kl.0530  går som  før, framme i Bergen kl.0820.
2 Avgang frå Skånevik kl.0825 kjem til Leirvik kl.0920. Denne går ikkje vidare til Bergen, men her kan ein gå over på Kystbussen frå Leirvik kl.0925 dersom båten er i rute.  Framme i Bergen kl.1140.
3 Avgang frå Skånevik kl.1040 via Ølen og Leirvik er i Bergen kl.1345.
4 Avgang frå Skånevik kl.1330 via Ølen og Leirvik går berre torsdag og fredag, og er i Bergen kl,1620
5 Avgang frå Skånevik kl.1515 kjem til   Leirvik kl.1705.  Her blir det dessverre  ein pause fram til kl.1900,  med framkomst i Bergen kl.2045,  altså ein tur Skånevik-Bergen som tar nesten 5 timar.  Alternativ er å gå over på Kystbussen på Leirvik kl.1725.  Då er ein i Bergen kl.1940, altså vel ein time tidlegare enn snøggbåten.
Med noko tolmod kan ein altså koma med snøggbåt frå Skånevik til Bergen 4 gonger pr. dag torsdag og fredag  og 3 gonger dei andre kvardagane, unnateke laurdag. Vil ein nytta Kystbussen,  kan ein koma 5 gonger til Bergen torsdag og fredag  og 4 gonger dei andre dagane.
På ein måte kan ein seia at HSD er noko betre enn det ryktet som har kome. Det store positive med den nye ruta, sett frå Skånevik sin synsstad, er at ein kan reisa frå Bergen så seint som kl.1945 og likevel  koma fram til Skånevik på kvelden kl.2310.  Det er verkeleg eit framsteg.
 P.S.  Kvifor HSD kan spandera drosje Skånevik-Ølen, men ikkje Ølen-Skånevik, har me enno ikkje fått svar på. 

           
 D.S. Hans Olav Tungesvik.