— Det er framleis stor etterspurnad etter leilegheiter i Etne, og vi trur difor at det er eit godt prosjekt, seier Torbjørn og Ole Johannes Rullestad, to av aktørane i prosjektet.
Over 40 leilegheiter i Sæbøvika og ein del andre leilegheiter som har dukka opp, har ikkje stetta behovet for husvære i sentrum, meiner dei to.
Trur på marknaden
— Det er eit godt prosjekt for oss, og eit gode for Etne sentrum at det blir leilegheiter. Slik eg ser det, er det framleis ein skrikande mangel på bustader, meiner Ole Johannes Rullestad.
— Både Ole Strømø og vi har blitt kontakta av folk som har meldt interesse for leilegheiter, seier Torbjørn Rullestad.
Det er selskapa Top Gruppen AS og Bureau Nygaard & Rullestad AS med selskapsadresser Fjæra og Ølen som står bak prosjektet.
I tillegg til Torbjørn og Ole Johannes Rullestad, er Peder Rullestad, Geir Magne Gjerde og Olav Nygård med.
Brørne Peder og Ole Johannes Rullestad driv også snikkarfirma og skal ta seg av del praktiske delen med ombygginga.
12 leilegheiter
Leilegheitene blir lagt ut for sal med det første, og det er planlagt 12 leilegheiter i den tidlegare møbelforretninga. Eigedomsmeklar er engasjert, og når dei har fått selt halvparten av leilegheitene, går dei i gang med prosjektet.
— Det er ein trend i tida at folk vil bu sentralt. Folk er blitt litt urbane på bygda også, og vil ha det lettstelt. Det har ein alt sett i Etne, og vi trur det er behov for meir, seier Ole Johannes Rullestad.
Går ting på skinner, reknar dei med å kome i gang med ombygging på forsommaren og vere ferdige 10-12 månader deretter.
— Utgangspunktet er 12 leilegheiter på frå nærmare 90 til vel 120 kvadratmeter. Men vi vil vere litt fleksible etter kva behov som melder seg, seier Torbjørn Rullestad.
Tok eitt år
Det tok Ole Strømø ganske nøyaktig eitt år å få selje den tidlegare møbelforretninga etter at Etne Møbelsenter flytte over i Etne senter.
— Eg hadde som mål å få selt i løpet av eit år, og det gjekk jo fint. Det var først då Top Gruppen melde seg på banen at også andre vart skikkeleg interesserte i å kjøpe. Det må vere supert for sentrum at det blir leilegheiter her, seier Strømø.
Partane vil ikkje ut med prisen. Men i salsprospektet var verditaksten 6,2 millionar kroner og lånetaksten 5,6 millionar kroner.
— Begge partar er vel nøgde med handelen, meir er det vel ikkje å seie om det, seier Ole Strømø.
Ein lang tradisjon med møbelhandel tok slutt i desember 2006 i bygningen som vart reist i 1970, og sist bygt på i 1985.
Har prisa
— Det er ein veldig grei bygning å byggje om til leilegheiter. Kvar leilegheit får balkong, men ut over det blir det inga utviding av bygningen, fortel Rullestad.
Med tanke på potensielle målgrupper, skal komplekset ha heis og får livslaupsstandard.
Reidar Vik i Eiendomsmegler Vest har prisa leilegheitene, og han opplyser at dei varierer frå 1.690.000 kroner til 2.350.000 kroner ut frå storleik og plassering.
— Etter mi vurdering får ein mykje for pengane, meiner Vik.