Johnny Helgesen seier i Grannar torsdag at kommunikasjonen i dag er slik at geografien du arbeider i har mindre å seia enn før. I service- og kunnskapsbedrifter kan ein ofte like gjerne arbeide i Vikedal som i Haugesund eller Stavanger.
Med breiband og etterspurd kunnskap er vegen til å skapa ein arbeidsplass i distriktet blitt kortare. Det har desse unge bedriftsgründerane i Vikedal bevist. Sjølv seier dei at selskapa deira ikkje har meir med kvarandre å gjera enn at dei valde å flytta inn i eit kontorfellesskap framfor å ha eigne kontor heime.
Denne satsinga i heimbygda må vera som musikk i øyrene på alle som arbeider for å få arbeidsplassar til bygdene. Eitt av måla til politikarane er å få ungdommane tilbake til heimstaden etter ferdig utdanning og gjerne nokre år i arbeidslivet ute.
Mange politikarar meiner tilgang på tomter er det viktigaste for å få ungdommen tilbake. Får dei ein stad å bu, kan dei gjerne pendla eit stykke. Etterspurde tomter er viktige, men etter vår meining ikkje nok. Det kan lett bli ei sovepute. Ein må hugsa på at i dagens samfunn er det ikkje berre ein person i eit forhold som skal ha jobb, men begge to. Pendling for begge er lite aktuelt.
Derfor er utbygging av breiband, pluss ledige lokale og eigna næringstomter, uhyre viktige som næringspolitiske verkemiddel.
Det var ledige lokale og tilgang på breiband som førde dei ulike verksemdene saman i eit fellesskap i Vikedal. Eit godt føredøme for andre som vil bu og ha arbeidsplass i heimbygda.