Fru Fortuna smilte til GrannKam

Fotball, 4. divisjon menn GrannKam-Torvastad 2-0 (0-0) 1-0 v. Anders Stenberg (55. min.) 2-0 v. […]

Fotball, 4. divisjon menn
GrannKam-Torvastad 2-0 (0-0)
1-0 v. Anders Stenberg (55. min.)
2-0 v. Stian Haugland (88.min.)
Gult kort: Kjetil Tveito, Torvastad
Dommar: Terje Holm, Djerv 1919
Om lag 80 tilskodarar

GrannKam kan sjå oppover på tabellen etter å ha sendt eit uheldig og ineffektivt Torvastad-lag heim frå Ølen stadion med to baklengs og null poeng fredag kveld.
Gjennom heile første omgang pressa Torvastad heimelaget over på defensiven. Karmøylaget kunne tidleg ha leia med eit par mål, men fru Fortuna heldt sine vernande vengjer over dei blåsvarte gjennom heile kampen.

Misbrukte sjansar
Den første misbrukte hundreprosentsjansen for gjestene kom etter sju minutt, etter ein forsvarsmiss hjå heimelaget. Litt seinare forserte Torvastad-spiss Sondre Voll elegant gjennom GrannKam-forsvaret, men då han skulle runda den siste blåsvarte bles dommaren i fløyta. All kontakt mellom dei to spelarane skjedde fleire meter inne i straffefeltet, noko linjedommaren må ha sett. Lik

Med breiband og etterspurd kunnskap er vegen til å skapa ein arbeidsplass i distriktet blitt kortare. Det har desse unge bedriftsgründerane i Vikedal bevist. Sjølv seier dei at selskapa deira ikkje har meir med kvarandre å gjera enn at dei valde å flytta inn i eit kontorfellesskap framfor å ha eigne kontor heime.

Denne satsinga i heimbygda må vera som musikk i øyrene på alle som arbeider for å få arbeidsplassar til bygdene. Eitt av måla til politikarane er å få ungdommane tilbake til heimstaden etter ferdig utdanning og gjerne nokre år i arbeidslivet ute.

Mange politikarar meiner tilgang på tomter er det viktigaste for å få ungdommen tilbake. Får dei ein stad å bu, kan dei gjerne pendla eit stykke. Etterspurde tomter er viktige, men etter vår meining ikkje nok. Det kan lett bli ei sovepute. Ein må hugsa på at i dagens samfunn er det ikkje berre ein person i eit forhold som skal ha jobb, men begge to. Pendling for begge er lite aktuelt.

Derfor er utbygging av breiband, pluss ledige lokale og eigna næringstomter, uhyre viktige som næringspolitiske verkemiddel.
Det var ledige lokale og tilgang på breiband som førde dei ulike verksemdene saman i eit fellesskap i Vikedal. Eit godt føredøme for andre som vil bu og ha arbeidsplass i heimbygda.