Kven eg er, seier du? Gå ut og bruk alle sansane dine, så veit du kven eg er.
Høyrer du korleis det brusar i liane? Det er blodet mitt som leikar seg, gir næring til ALT liv. Ja, deg og barnet mitt.
Kjenner du vinden som stryk deg over huden din? Det er pusten min. Og eg elskar å leika med håret ditt, og stryka over huden din og kjenna at DU er der.
Grønt er yndlingsfargen min. Det står for all eksistens av livet. Kan du tenkja deg eit liv utan grønt? Alle mine grøne celler gir deg, barnet mitt, mat og oksygen. Luft som du kan frotsa i så mykje du vil. Og eg elskar når du gjer det!
Huden min er variert. Nokre stader har eg tørr brun hud, andre stader skorpete grå hud. Men, mest av alt har eg grøn fuktig hud.
Veit du, eg ler når du kitlar meg med dine barfote bein på huden min.
Har du sett alle dei flotte skogane mine? Det er mine lunger! Veit du at det er dei som lagar den deilige friske lufta som du pustar inn?
Er det ikkje fantastisk!
Veit du at eg, mor di, elskar deg og alle andre barn som lever av, og på meg.
Og veit du at no treng eg hjelp av deg.
Ein del av mine kjære celle barn har rota seg vekk, og gløymt ut kven dei er. Dei leikar og rotar etter kjærleik og lukka.. Og det gjer meg vondt på mange måtar. For medan dei leitar, legg dei betong, asfalt og boss på huden min. Dei tømmer gift i blodårene mine. Gift i lufta slik at det vert vondt for meg og deg å pusta.
Og snart har dei fjerna mi største lunga….
Kan du mitt kjære celle barn, fortelja at du treng ikkje leita lenger etter kjærleiken og lukka. Fortel dei at dei skal gå UT og SJÅ. Sjå ned på meg, eg gir dei alt til livets opphald. Sjå OPP, opp i himmelen i universet og kjenn!!
Kjenn at DU og EG er i ETT med ALT. Og alt er i ett med oss. Detta er KJÆRLEIK. DU ER KJÆRLEIK!
Kjærleg helsing
Moder Jord,
Bente Nesheim Johansen