Etter at Suldal kommune gjekk inn i Ryfylkemeieriet AS, og selskapet kjøpte meierianlegget på Sand av Tine Vest, har det vore knytt ei viss spenning til kva som skal skje med meieriet i Vikedal.
Det er enno ikkje avklara kva som skal skje på Sand, og styremedlem Inger Rosenfeld sin munn er førebels forsegla om kva som skal skje der.
Slår positivt ut
— Vi arbeider intenst med saka, og det er for tidleg å gå ut med noko. Men eg kan forsikre at det ikkje blir negativt for produksjonen i Vikedal. Så mykje kan eg seie, seier Rosenfeld.
Rosenfeld og selskapet hennar Den blinde ku var tidlegare den største enkeltaksjonæren i Ryfylkemeieriet AS i Vikedal, der rundt 80 lokale mjølkeleverandørar var medeigarar.
I samband med kjøpet av anlegget på Sand, er bøndene sine aksjar nedskrivne, medan Suldal kommune har gått inn med fire millionar kroner og dermed tatt kontrollen over 56 prosent av Ryfylkemeieriet AS. Rosenfeld og Den blinde ku har også gått inn med kapital og sit med nærmare 30 prosent av aksjane.
— Men vi har opsjon på å få kjøpe opp til 51 prosent ved å kjøpe av Suldal kommune sin andel, forklarer Rosenfeld.
Lokale ut
I samband med kapitalutvidinga har lokale namn forsvunne ut av styret i Ryfylkemeieriet AS, som følgje av at Suldal kommune er komen inn på eigarsida. Billy Grimås frå Vikedal er ute av styreteire andre nå har fått ta del i, og gjort til sine eigne takka vera idealisten Sellevold.
Med Fjordkafeen er også ny kunnskap om eldre dagar kome fram. Den eldre generasjonen kjenner nok til Bjellandsnes, men for mange unge var denne bygda ukjent. Heilt til Fjordkafeen kom. Nå er Bjellandsnes blitt ein plass «alle» har høyrt om.
I helga stengde kafeen dørene, og det er på tide for Sellevold å ta ferie. Sellevold vil ikkje kommentera om det blir kafé også til neste år. Det same svaret gav han i fjor.
Me håper at Sellevold sit att med gode minne. Noko kommunal støtte har han fått, og det er også viktig i framtida at kommunen støttar opp om tiltaket. Dette er eit kreativt påfunn, som kan vera med og setja Etne på kartet, både blant norske og utanlandske turistar. Det er rett og slett imponerande å sjå kva Sellevold har fått til med Fjordkafeen.
Me håper at Fjordkafeen også let seg realisera til neste år. Slike unike idear må ein slå ring om.
Sand styrkar Vikedal
Etter at Suldal kommune gjekk inn i Ryfylkemeieriet AS, og selskapet kjøpte meierianlegget på Sand […]