Eg har mange gonger tenkt på dei som ikkje ser kvardagen slik den er, men har hefta blikket på andre omgivnader og har mista bakkekontakten og ser glamour og stas i mangt og mykje. Det er mange ting som etter kvart forundrar meg, og som eg har problem med å kunne forstå heilt. Til dømes der Regjeringa kjem med lovforslag, som blir satt ut i livet og vidareført av andre.
Ta nå berre saka om forbod om kjøp av sex, medan det er lov og selje sex? På toppen av det heile blir det kanskje forbod mot å kjøpe sex på forretningsreiser, betalt av personen som sjølv set seg ut for denne risikoen? Verdens eldste yrke står nå for fall.
Ja, ja, slik er det nå ein gong med det meste i arbeidslivet i dag. Gamle yrke forsvinn og nye kjem til. Eg lurer berre på kva neste blir på denne fronten i framtida, for noko vil det heilt sikkert bli.
Eg vil tru det som regel er to parter i eit sexforhold, det må vera tilbod og etterspørsel etter behov. Slik er det heilt sikkert med dei òg som reiser land og strand for firma, og som det nå blir retta ein peikefinger til. Korleis skal dette bli? Det er noko som heiter menneskeverd, og eg vil tru dette har som alt anna fleire enn ei sida – så her må ein gå varsamt fram.
I dag er det meste fri flyt der det ikkje finnast verken hemningar eller andre avgrensingar. Men som alt anna er det opp til kvar enkelt kva veg hjernen går, og kva som blir utfallet i tankegangen elles.
Som Åge Samuelsen syng i ein av sine songar: «Jeg har drukket av de sprukne «brønner» verden har og gi, svingt meg i dans og pokerspill.»
Dette er dessverre den kvardagen mange har i dag, der mange som kjem frå fattige land må gå på gata for å kunne tene seg pengar. Men det er ikkje rett berre å forby sexkjøp, det må vera begge deler. På same tid må det vera opp til kvar enkelt person kva han heller ho gjer på si fritid i forretningsreiser, det skulle berre mangla. Kanskje me er på veg inn i ei anna verd, berre sjå rundt deg, ho er ikkje langt vekke. Det er daglege beviser på det.
Men kva legg ein i ordet kjøp av sex? Eller på ei anna side, sex på «sympati». Det er så mykje som ikkje stemmer. Skal dei på tur med båten din og tar med vener og kjente, er det heilt ok – berre det er nok livvestar ombord. Men tar du betaling, ja då kjem staten inn og båten må vera klassa av skipskontrollen før du får gå frå kai. Kanskje ein skulle få til ein klassekontroll i framtida om det utdøyande yrket, om tilbod og etterspørsmål – og jøye meg, om det blir gratis. Dette skal bli moro.
Ove Wiland, Skånevik