Motor på timeplanen

Bilcross kom som valfag ved skulen denne hausten. — Ideen dukka opp, og me snakka […]

Bilcross kom som valfag ved skulen denne hausten.
— Ideen dukka opp, og me snakka laust om det ei stund før me gjekk i gang, seier rektor Torgeir Eidhammer.
Etter at Sivert Ole Holten var leiar for eit forprosjekt tidlegare i år, blei samarbeidet mellom skulen, kulturavdelinga i Vindafjord kommune og NMK Vikedal ein realitet. Medan kulturavdelinga har tatt jobben med å skaffe pengar til prosjektet, har den lokale bil- og rallycrossklubben kome med den rette kompetansen. Johannes Holten Leifsen frå NMK Vikedal har fått tak i utrangerte bilvrak, og han deler kunnskapen om motor og bilcross med elevane. Han har også med seg ein av lærarane ved Vikedal skule, Geir Roa, i undervisninga. Målet er at elevane skal stille på startstreken i juniorklassa til våren med bilar dei har laga sjølve. Etter bilcrossløpet skal køyretya seljast.

Fritida går med
Dei åtte gutane som tar faget legg ikkje skjul på at dette er eit fag dei set stor pris på. Kvar tredje fredag går fire skuletimar med i verkstadlokalet som skulen leiger i Røde Kors-huset i Vikedal.
Skjeletta frå to bilar står i verkstaden, og gutane jobbar fire på kvar bil. Fleire fortel at dei har vore borti litt mekking frå før, men dei har likevel lært ein heil del desse haustmånadane dei har byrja å bygge sine eigne bilar. Faget får dei godkjend som eit avsluttande obligatorisk prosjektarbeid, som alle elevane må fullføre siste skuleåret.
Og alle åtte har blitt så engasjerte at dei også brukar delar av fritida si i verkstaden i Vikedal.
— Me er her av og til om kveldane, fortel Anbjørn Lærdal, den eine av elevane.
Lærar Leifsen stiller opp om gutane vil jobbe kveldstid.
— Kva har de lært så langt?
— Me har lært å sveise, lage bur og beltebøylar, skjære, passe til og rive ut, ramsar dei opp.
Dei ser fram til å stille på startstreken til våren i bilar dei har laga sjølve. Tiandeklassingane fyller 17 i år, og er gamle nok til å ta kjørelisens i bilcross.
— Det er dyrt å drive på sjølv, så det er bra at me får prøve oss fram her i staden, kommenterer Ole Matre, ein annan av elevane.

Glade for samarbeidet
Både primus motor bak det nye faget, Sivert Ole Holten, og rektor Torgeir Eidhammer, er særleg glade for samarbeidet som har kome med faget.
— Me fører kompetanse frå klubben over på skulen, seier Holten, som meiner det er viktig å verdsetje og få fram den kompetansen som allereie finst i distriktet.
— Me får også kombinert eit skule- og kulturprosjekt, noko som i neste omgang kan føre til positiv fritid, held Holten fram.
Han framhevar vidare at faget lærer ungdommane tryggleik og gode haldningar til køyringa, og sånn kan det også verke førebyggjande.
— Me hadde aldri fått dette i stand utan kulturavdelinga og NMK Vikedal, slår ein nøgd rektor fast.