Møtte motstand i GrannKam

GrannKam var klar for å ta nok ein siger då dei møtte Orre på Ølen […]

GrannKam var klar for å ta nok ein siger då dei møtte Orre på Ølen stadion fredag ettermiddag. Med hardt press og angrep rett frå start, fekk Orrespelarane slita mot raske vingar på GrannKam. Det tok ikkje meir enn fem minutt før det fyrste målet kom til heimelaget. Ein hard pasning av høg kvalitet vart sendt ut frå Bjarte Opsal på midtbanen og rett gjennom heile forsvaret til gjestane. Ein lynrask og teknisk god Stian Haugland hadde dermed ingen problem med å springe frå motstandaren, og han kunne dermed gå rett på mål og leggje ballen hardt bak Orrekeeperen. GrannKam heldt fram presset og Orre kom aldri skikkelig inn i kampen. Etter kring ein halvtimes spel fekk GrannKam nok eit mål signert Stian Haugland, trudde alle. Men ei tvilsam dommaravgjersle førte til annullert mål, til mykje frustrasjon frå GrannKam-spelarane.
Orre kom med i kampen
GrannKam heldt fram presset i byrjinga av andre omgang, men mista grepet utover i omgangen. Orre kom meir og meir med i kampen, og med upresise pasningar frå heimelaget var det plutseleg Orre som styrte kampen. Etter ein halvtimes spel i andre omgang kunne det fort blitt mål til Orre då ein spelar fekk nesten fritt gå gjennom heile halvdelen til Grannkam, men ein god Stig Litlehamar fekk slått skotet vekk. Gjestane kom med fleire sjansar og kunne fort fått mål på dei sjansane som kom. Fem minutt før slutt var det derimot Sigbjørn Tysvær frå GrannKam som gav alt han hadde mot mål og scora sitt femte mål for sesongen. Til stor glede for både trenarar og spelarar klarte GrannKam til slutt å dra i land sigeren som i andre omgang hang i ein tynn tråd.
GrannKam tek i neste serierunde imot Ganddal på Ølen stadion. Dei ligg rett over på tabellen med berre eit poeng meir.

Fotball, 4 div, menn, avd 02.
GrannKam – Orre 2-0 (1-0)
1-0 Stian Haugland, 5 min.
2-0 Sigbjørn Tysvær, 85 min.
Gule kort: Bjarte Opsal, GrannKam og ein Orrespelar. Dommar: Tore Risanger, Vard Haugesund
Om lag 15 tilskodarar