Munnkorg på dei tilsette

Fjord Investor AS vedtok i styremøte 30. september å leggje ned hotelldrifta ved hotellet i […]

Fjord Investor AS vedtok i styremøte 30. september å leggje ned hotelldrifta ved hotellet i Skånevik, og buet vart levert til skifteretten 1. oktober. Dei ni tilsette fekk på same tid skjema til lønsgarantifondet. Når Grannar prøver å få ein kommentar frå dei tilsette til at dei på nytt står utan jobb, viser dei til styreleiar i driftsselskapet, Paul Hovda, som er den einaste som skal uttale seg.
Hovda stadfestar at dei tilsette har skrive under på at det berre er han som skal seie noko når det gjeld stoda ved hotellet, og har ingen kommentar utover det.
Møte i bygda
Skånevikprosjektet arrangerte spontant eit møte, som samla 50 personar torsdag kveld.
— Eg er imponert over at så mange kom etter ei så kort innkalling, seier leiar i Skånevikprosjektet, Leif Arne Løvereide.
— Folk er frustrerte over situasjonen, dagen er ikkje heilt den same utan hotell. I ei levande bygd er dette ei viktig brikke. Difor prioriterer Skånevikprosjektet denne saka på topp. Vi vil gjere alt for at det fortast mogleg kjem ny drift ved hotellet, seier han.
Nytt driftsselskap
Løvereide fortel at innbyggjarane i Skånevik nå blir inviterte til å skipe eit nytt driftsselskap. Aksjekapitalen bør kome opp i ein halv million kroner, og ei aksje blir pålydande 5.000 kroner.
— Men det har kome folk og spurt om dei kan få yte mindre beløp, og det synest eg er svært gledeleg, seier han.
Hovda Investering AS sitt bidrag skal vere så billeg husleige som råd til nye innehavarar.
Det vart understreka på møtet at innbyggjarane må vere med og ta eit ansvar for at hotellet kjem i drift igjen, men at det også blir brukt tid på å gjere dette på rette måten, seier Løvereide.
Han understrekar òg at Hovda aldri hadde nokon intensjon om vidare drift utover den tida dei dreiv hotellet.
Komande torsdag er det fastsett nytt møte.