Musa og elefanten

Det er verdas største oljerigg, «Eirik Raude», som har fått dei til å slå leir […]

Det er verdas største oljerigg, «Eirik Raude», som har fått dei til å slå leir i strandkanten. Med stort tolmod har dei venta på at riggen skal kasta loss og ta ut på ferda nordover mot Barentshavet.

Og det er nettopp interessa for Barentshavet som har fått desse ungdommane, i godt selskap med representantar frå Bellona, til å trassa regn og vind for å venta på det rette tidspunktet til å slå til. Og søndag var ventetida over. Kolossen «Eirik Raude» byrja å røra på seg. Og då tok det ikkje lang tid før aksjonistane, femten i talet, heiv seg i sine sju gummibåtar. Nå var tida endeleg kommen for å visa sin sterke motstand mot leiteboring i nord.

I halvannan time fekk dei framfor eit stort pressekorps demonstrert det dei ville. Men etter ordre nummer to frå politiet, som også hadde møtt mannsterkt opp til den varsla demonstrasjonen, gav dei opp og hoppa i sjøen. Før dagen var omme hadde elleve demonstrantar fått bøter på 5.000 kroner kvar for ulovleg å ha hindra riggen. Men ingen av aksjonistane har vedkjend seg bøtene og dei må dermed møte for politiet seinare i vinter.

Både politiet og demonstrantane er godt nøgde med gårsdagens demonstrasjon. Lensmann i Ølen, Bjørn Alvseike, seier demonstrantane berre gjorde det dei hadde varsla på førehand. Og Ane Hansdatter Kismul sa i det politiet plukka henna opp av sjøen at det hadde vore ein vellukka demonstrasjon. Men det blir truleg ikkje den siste. Det er langt fram til Barentshavet og boringa kan ta til. Men vel framme i nord er truleg formalitetane i samband med boreløyvet i orden. Sjølv om protestane frå miljøaktivistane blir som ein kamp mellom musa og elefanten, er det fint at nokon minner omverda på at det også er andre verdiar enn olje og gass som må takast omsyn til.