Musikalsk fyrverkeri

Etne Kulturskule har dei siste åra hatt ein konsert om våren for å syne fram […]

Etne Kulturskule har dei siste åra hatt ein konsert om våren for å syne fram det dei mange aktørane har lært det siste året. Foreldre, slekt og vener fylte raskt opp salen. Det som imponerte mest var kor uredde ungdommane var for å gå på scena. Det å stå føre ein full kinosal og syngje og spele var tydelegvis ikkje noko problem i det heile tatt. Det er tøft gjort! Avslappa og scenevante gjennomførte dei nummera sine på ein solid måte.
Songleik og Beethoven
Med afrikanske krefter med på scenen, vart konserten ekstra rytmisk og fargesprakande. Det første nummeret var det ei gruppe smilande afrikanske jenter som stod for. Dei framførte ein tradisjonell songleik frå heimlandet og sjarmerte stort med song og flott dans. Etterpå var det klart for eit svært krevjande nummer.
Alle fiolinistane samt korpsmusikantar frå både Etne og Skånevik kom på scena. Saman framførte dei Beethoven sin niande symfoni. Det var imponerande å sjå kor godt lærarane hadde klart å samkøyre så mange aktørar og så mange ulike instrument til denne eine songen.
Punk og norsk rock
Vidare i programmet fekk publikum blant anna høyre Donna Silje Skogen syngje ”The Rose”, der Vegard Øyfoss slo til med ein glimrande gitarsolo. Innimellom dei ulike musikalske innslaga vart det og presentert ulike måleri frå dei mange lokale kunstnarane. Det var svært mykje fint å sjå av både blomemotiv og måleri av meir abstrakt art.
Dei to nummera som kanskje hausta mest applaus var dei to rockenummera. Prosjektband 3, som bestod av Lars Johan Flatebø, Bjørn Klokkerstuen, Sindre Tjelmeland, Lars Øvernes og Håvard Eikemo, framførte kjempehiten frå punkgruppa Green Day, ”Boulevard of Broken dreams” på ein overbevisande måte. Den andre rockegruppa, Homosapiens, valde den norske klassikaren ”Splitter pine”. Også dei fekk stor applaus for måten dei takla den utfordrande songen på.
Variert program
Frå start til slutt var aktørane innom svært mange sjangrar. Me fekk møte dyra i Hakkebakkeskogen, det nye vaksenkoret song Bjørn Eidsvåg sin ”Gamal drøm”, Abba på felevis, blues med blåsarar frå både Etne og Skånevik skulekorps, og ei hymne til Afrika fekk me og med oss. Det nummeret som gjenspegla konserten best var nok ”Halling”. Her vart norske feletonar, gitar og afrikanske trommer smelta saman til norsk folkemusikk på sitt beste. Det finst ingen tvil om at det er både svært dyktige lærarar og elevar ved Etne kulturskule. Som vanleg, må ein nestan seie, presenterte dei ei fantastisk musikkoppleving!