Musikk, dans og disko

— Kan du spele den om Zanzibar, spør Reidun Hegerland. Olav Åkra finn tonane på […]

— Kan du spele den om Zanzibar, spør Reidun Hegerland.
Olav Åkra finn tonane på tangentane, og dei er i gang: Olav på keyboard, Haldor Hjelmervik på trekkspel, Reidun syng og dei andre dansar. Det er onsdag kveld og «Klubb 2000» i Røde Kors-huset i Etne. Annankvar onsdag samlast ein gjeng med det til felles at dei har ulike funksjonshemmingar. Klubbleiar Linda Arnstad og støttekontaktar er også med.

Møteplass
— Me starta klubben i år 2000 for at dei funksjonshemma skulle få ein møteplass. Me var i starten ein liten gjeng som møttest heime hos kvarandre, og me byrja med å vere her i Røde Kors-huset for tre år sidan, fortel klubbleiaren.
Musikk, dans og diskokule er sjølvsagte ingrediensar. Kaffi, saft og twist høyrer også med. Denne onsdagen starta dei samlinga med å male på glas, og nokon gonger reiser dei på turar: til Haugesund på bowling, på grillturar og til Bømlo på diskotek, ramsar dei opp.
— Eg har det sosialt her med dei andre, seier Øyvind, som ikkje er noka danseløve, men heller slappar av i ein stol.
Til saman er dei mellom 10 og 15 personar frå Etne, Ølen og Bjoa som møtest på klubben. Men dei kunne godt tenke seg å få med fleire folk frå distriktet.
Det blir stemning i lokalet når lysa blir slått av og diskokula kjem fram. Den sender fargebobler rundt i rommet medan to par svingar seg på dansegolvet. Reidun syng med stor innleving og smådansar medan ho held mikrofonen. Aminda Lovise Hardeland blir sveitt og hiv av seg eit par ullgenserar. Små pausar og nokon glas med saft må til. Etter ei god danseøkt med levande musikk, må alle ha ei pause. Reidun kjem for å fortelje kva ho driv med elles, når ho ikkje er på «Klubb 2000».
— Eg skriv dikt, fortel ho.
— Kva skriv du om?
— Om tilværet mitt. Eg baserer meg på det å gjere ting i huset, og å vere med støttekontakten min, og om det å ha ein ven. Men som oftast om han eg er forelska i, svarar ho, og fortel at ho har ein kjærast.

Glade for klubben
Reidun har travle dagar, for ho er engasjert i ein heil del utanom klubben annankvar onsdag. Ho fortel at ho bur i eiga leilegheit i foreldra sitt hus på Bjoa, men reiser til Hogganvik landsby på jobb. Der tovar ho ull og jobbar i gartneri.
— Neste helg skal eg på eit kurs om fred i Trondheim. Det opptar meg veldig, seier Reidun.
— Men lidenskapen min er dans. Det elskar eg, og eg er veldig glad for å ha eit sånt tilbod, legg ho til.
Aminda, eit anna av dei danseglade klubbmedlemmene, fortel at ho bur i Etne og jobbar på Asvo til dagleg.
— Eg vil gjerne takke Linda for dette på Røde Kors. Eg likar denne plassen veldig godt, poengterer ho.
Klubbleiar Linda bringer på bane eit gamalt tema.
— Me burde finne eit anna namn på klubben vår. Er det nokon som har forslag, lurer ho på.
Det blir semje om at dei like greitt kan halde fram med å kalle seg for «Klubb 2000», sidan alle har blitt så vane med det namnet. Det ville vere rart å plutseleg kalle klubben noko anna.