Mykje betre enn sitt rykte

Også i Etne er det ei kraftig auke i hogsten, medan det har vore liten […]

Også i Etne er det ei kraftig auke i hogsten, medan det har vore liten aktivitet i Ølen i år.
— Der var det entreprenør i fjor, seier Eivind Lien, skogbruksleiar på Skogeigarlaget Vest sitt avdelingskontor i Vikedal.
Han fortel at det blir meir og meir vanleg at folk nyttar entreprenørfirma for å ta ut skog. Det sikrar rett utstyr og kompetanse. Og når ein entreprenør først er i området, tar han gjerne fleire felt i same slengen.
— Det byrjar å bli store kvanta i felta frå 50-talet, kommenterer Lien.
I tillegg til at skogen er hogstmoden, er også tømmeret ettertrakta.
— Etterspurnaden er særleg stor i Hordaland. Der er bygginga av bustader nær dobla frå 2003 til 2004, held skogbruksleiaren fram.
Lien tar jobben med å utarbeide skogbruksplanar og få omsett skogen for eigarar i Rogaland og Sunnhordland. Skogeigarlaget Vest held også til i resten av Hordaland, og hovudkontoret er i Granvin. I heile regionen har hogsten auka med 40 prosent i år.

God kvalitet
Lien fortel at grana som blir felt i vest er langt betre enn sitt rykte. Det meste held tømmerkvalitet og blir nytta til bygging, medan berre ein liten del går til papirproduksjon.
— På enkelte parti har 80 prosent gått til tømmer, fortel Lien.
I følgje han har grana gode vekstvilkår på Vestlandet.
— Vekstsesongen er lengre her, i tillegg til at det kjem mykje nedbør og er god jord.
Vestlandsskogbruket nyt også godt av fleksible transportforhold, ved at avstanden til kysten er kort. Det meste av tømmeret blir nemleg frakta med båt. Tømmeret deler seg i to hovudtypar: det med finast kvalitet som går til sagbruk, og det med noko dårlegare kvalitet som går til papirproduksjon.
— Folk spådde for få år sidan at papirbruken kom til å gå ned, men det har ikkje skjedd, slår Lien fast. Det meste av tømmeret går til sagbruket i Granvin, som er det store på Vestlandet, medan treverket som skal bli papir blir transportert til Nord-Trøndelag.
— Me har nesten ikkje greidd å levere nok til Granvin, kommenterer Lien.
Også i resten av Europa er etterspurnaden stor, noko som har auka importprisen. Tømmeret konkurrerer nemleg på verdsmarknaden.

Plantar mindre
Plantinga har, i følgje Lien, gått dramatisk ned dei siste åra. På denne kanten av landet er skogbruket stort sett ei biinntekt, men no nyt likevel fleire vestlandseigarar god avkastning på skogen som blei planta for kring to generasjonar sidan.
— Frå før er det mest furu som har blitt hogd. Den er meir variert i kvaliteten, og dessutan gjev den ikkje så store kvanta for kvar dekar med skog.
Lien framhevar at mykje kubikk på små areal gjer grana lønnsam. Mesteparten av skogen som blir hogd vestpå blir omsett gjennom Skogeigarlaget Vest, men det har også blitt hogd ein del kubikk som ikkje har gått gjennom dei. Denne veka gjekk eit entreprenørfirma i gang med ein ny runde skogshogst i Vindafjord, med første stopp i Ølmedal, for så å halde fram i Vikedalsdalen, Skjold og Vats.

Må forbetre vegar
Det største problemet med å setje i gang hogst er, i følgje Lien, dårlege kommunale vegar. Fleire plassar må infrastrukturen forbetrast før uttaket av skog kan starte, og i enkelte felt er det meir arbeidsamt og tidkrevjande å ta ut skogen enn i andre. Det er med på og varierer kor mykje skogeigaren sit igjen med.
— Eigaren sit normalt igjen med halvparten av avkastinga på tømmeret, seier skogbruksplanleggaren.
Skogeigarlaget Vest er sertifisert av Det Norske Veritas, og må følgje opp miljøkrav både før og etter sjølve hogsten. Verken kulturminne eller spesielle naturmiljø skal øydeleggast. Det er også viktig med opprydding og fjerning av spor etter store maskinar, for at det skal sjå fint ut når skogen er vekke.