Mykje godt på torget

— Det er tredje året på rad me arrangerer torgdag og me synest det er […]

— Det er tredje året på rad me arrangerer torgdag og me synest det er ein kjekk dag, sjølv om det ligg mykje arbeid bak, seier Målfrid Eide, formann i Skjold skulekorps.
På «torget» var det mykje freistande for dei besøkjande. Eimen av nysteikte potetkaker var det første som møtte ein i Skjold bygdehus. Betre salstriks finst ikkje, og potetkakene forsvann fortare enn bakstekonene klarte å steike.
Vendela Selvåg hadde med seg barnebarnet Gerd Cecilie Gjerde (3) på torgdag. Ho sette tidleg kursen mot bordet med bakverk.
— Eg smakte jødekakene her i fjor og dei var rett og slett herlege. Difor må eg sikra meg ein pose og to i år og, seier Vendela Selvåg og smiler.

Unge kremmarar
I gangen sat tre unge kremmarar. Astrid Stendal (10), Oda Wannberg (10) og Håvard Haraldseid (10) hadde det travelt med å selja popkorn.
— Me sel mest til ungar, men det er nokre vaksne og som har kjøpt, seier Håvard.
— Har de smakt på popkornet sjølv då?
— He, he! Ja, me har tjuvsmakt litt på det, og det er veldig godt, seier han.
Skulekorpset hadde eit langbord fylt av alt frå smykke, englar, sokkar og julepynt til godteri. Alt var laga av flittige hender i Skjold, anten av korpsmedlemma sjølv eller av ei hjelpsam mor.
— Det er mykje spennande her ja. Spesielt populære er dei heimelaga dropsa. I fjor forsvann dei så fort at sonen min ikkje rakk å kjøpa, kan tru det blei baluba og tårer då, seier Synnøve Eikanger bak disken.

Grease og Tom Jones
Ho synest ikkje det er like mykje besøk i år som dei tidlegare åra.
— At det er litt lite folk i år har nok å gjere med arrangementa i høvet kyrkjejubileet i Vats. Barnekoret skal vere der, så det er nok mange som har hamna i Vats i dag, seier Synnøve Eikanger.
Kvart år lagar korpset i stand underhaldning til torgdagen. I fjor sette dei opp Kardemomme by. I år var showet av den litt meir rocka typen. Utkledd i stilige 60 –tals kostyme song, dansa og spelte dei til musikk frå Tom Jones og Grease.
— Me synest det er viktig å gje noko attende til kundane våre på torget. Ved å underhalde litt synest eg at me klarar det, seier formann i Skjold skulekorps, Målfrid Eide.