Unni Marie Lien er svært nøgd når Kjøttfestivalen nærmar seg slutten søndag ettermiddag.
— Veret har verkeleg vore på vår side, seier ho. Kor mange som har vore innom årets festival, kan ho ikkje seie, men trur talet på besøkande ligg nokolunde likt med i fjor.
Saman med Dagros og Nøffe slo Sildakongen Arvid Otto Mørch og ordførar Arne Bergsvåg an tonen for Kjøttfestivalen i Ølen laurdag. Då opna dei årets festival med snorklypping. Og som seg hør og bør består ei snor som skal opne ein kjøttfestival av pølser.
Men då hadde alt mykje gått føre seg. Kjøttfestivalen starta fredag, med vinkurs og fagseminar. Lokale krefter hadde også fått det til å svinge i oppvarma telt fredagskvelden.
Mykje mat
I Sjoargata stod standane i kø for å servere mat og smaksprøver. Her var thaimat, mat frå Etiopia, tyske pølser og tradisjonsrik norsk bondekost. Det var berre å velje.
Evanger Pølsefabrikk var representert ved to bunadkledde damer. Randi Mona Århus frå Evanger og Liv Marit Sjo frå Halsnøy.
Dei fortalde at ved Evanger Pølsefabrikk er det sju–åtte tilsette.
— Merker de etterspørsel etter e.coli-skandalen hos Gilde?
— Ja, vi gjer det. Fleire kundar enn før har tiltru til våre varer, og særleg produksjonsmetodane som er brukte i småskalaprodukt, er godt kontrollerbare. Det er noko folk blir meir og meir merksame på.
Økologisk is
Øystein Skjeveland frå Stord, nå busett i Kvinnherad, fortel at han er den einaste her i landet som produserer økologisk is. Isen blir laga i Aurland i Sogn, og seld i butikkar i Bergen og Rosendal. Nytt i år var kanelis, og den var god, viste smaksprøven.
Den heilgrilla oksen fekk også i år bein å gå på, og lengre oppe i gata var det råd å få smake grilla gris.
Medan folk kosa seg og smatta og åt, var det underhaldning på utescena. Populære innslag frå både Ølen Blæsegruppe, Ølen Munn og Spel, Anders Vaka, Irish Stew og Kor Innante, fekk folk til å stoppe opp.
Grillmeistrar
Fem tremannslag konkurrerte om å bli grillmeistrar, der ein Oslo-tur til noregsmeisterskapen i grilling den 17. juni freista. Overdommar var Craig Whitson. Han har skrive bok om grilling og opplyste at han er ein ivrig grillmeister sjølv.
Dei tre som gjekk av med sigeren var frå Catering Partner AS i Ølensvåg, og laget bestod av May Bente Kvinnesland, Johanna Opheim Evensen og Lise Underhaug Heggen.
Idol og sjørøvarar
Søndag var det nydeleg ver, og folk fylte kaiplassen. På utescena var eit av dei store trekkplastra årets lokale Idol. 13 deltakarar var påmelde og fire gjekk vidare til finalen, som vart vunnen av Mira Augustyn (10). Ho song «Tir na noir» på ein imponerande måte.
Møtet med Kaptein Rødskjegg og sjørøverane vart særleg godt motteke blant den yngre garden, og det flotte veret sette ein ekstra spiss på showet.
Vestlandsmeisterskapen i pølseeting vart vunnen av Arild Austrheim og Petter Berge. Begge åt ni pølser kvar, og delte førsteplassen. Det deltok ni seniorar og 14 ungar i pølseetinga.
Elite-kokkekampen vart vunnen av Åkrafjordtunet. Dei kjempa i finalen mot Matmonsen, og vann med knapp margin.
Mykje mat og mykje folk
Unni Marie Lien er svært nøgd når Kjøttfestivalen nærmar seg slutten søndag ettermiddag. — Veret […]