Nå kjem dei edle dråpane til bygdene

Det skal få slutt på anna styggedom, som heimebrenning, vinsettjng og ikkje minst det heimelaga […]

Det skal få slutt på anna styggedom, som heimebrenning, vinsettjng og ikkje minst det heimelaga «maltølet» som har hjelpt mang ein ut av hiet ein laurdagskveld.
Eg vil tru det er mange bygder som peikar seg ut til desse edle dråpane i forskjellige fargar og styrke, som kan få mange til å spenna seg bak i sin spenst og å visa sin styrke på godt og vondt.
Ja, slik er det berre når desse edle dråpane gjer sin verknad under hårstråa, eller dei som eingong var. Eg ser for meg dei lange køane med folk som forventningsfullt står der, med blikket retta mot lukeopninga og tenkjer på kva som er til sals innanfor luka og på dei 25 kvadratmetrane som rommar sjølve polet der desse som jobbar der spring fram og tilbake utan dette serviceomtalte smilet.
Det er slik i statlege føretak, det er ikkje populært å smila på polet. Det er der alvoret blei oppfunne, i dette dråpane sitt rom og syndas hus.
Men sjå dette behovet som kjem fram der nokre står bak hushjørna og ventar på klar bane. Alkoholreklame er ikkje tillata, men eg vil tru desse luringane i staten huskar all den gode reklamen om Erling Skakke. Der det blei utdelt smaksprøvar til besvær, der nokre hadde litt for store glas. Det var som finnen sa då han fekk veta at det han hadde drukke kanskje ville gjera han blind. Då svara han «Eg trur eg har sett det meste. Eg trur eg må ha ein til».
Erling Skakke har nå gjort sitt inntog i den norske folkesjela rundt om. Ikkje berre som viking og krigar, men også eit namn med fleire stjerner under. Heilt sikkert meir enn fem. Det er vel ikkje nokre dråpar som har fått meir omtale enn arven etter han Erling Skakke. Så i etterkant må ein kunne seia dei var heldige med den.
Det blir heilt sikkert som alt anna ein dragkamp om kvar desse 25 kvadratmeter store pola skal liggja, og kva kommune som skal få dei etablerte og som har personar og ta av som ikkje har smileband. Som kan ta opp arven etter sine forgjengarar.
Kva bygd eller kommune som peikar seg ut er vanskeleg å seia. Det er snart val rundt om, så her ligg alt ope. Til forventning for nokre og irritasjon for andre. Men etter som eg forstår er det svært viktig for ein kommune og kunna ha alle fasilitetar tilgjengeleg, for då aukar handelen rundt om, også på andre ting. Så på eit plan peikar plassen seg ut. Det blir i allfall ikkje i ein utkant av ein kommune, men snarare midt i. Så då får ein koma i hug songen som seier så mykje om både midt i og rundt omkring.

Ove Wiland
Skånevik