Stykket er skrive av Krister Claesson og går føre seg på eit småbruk rundt 1950. På bruket møter me Mathilde (Gudrun Svantesvoll) som den noko dominerande kona til Nils Erik (Lars Handeland), som er utprega lat og tiltakslaus. Saman har dei den vaksne sonen Lars (Ole Marthin Owe), som har arva faren sin dovenskap og mora sitt humør.
Dag Otto (Karl Otto Endresen) er postmann utan større hell. Han har ein motorsykkel som han må trille rundt på ruta si kvar dag på grunn av motortrøbbel. Ein kan vel trygt seie at han har alvorlege manglar i korttidsminnet, denne stakkaren, som blir virra inn i alle intrigene som utspinn seg på bruket.
På nabogarden bur Vemund (Roald Apeland) som i lengre tid har hatt eit godt auge til Mathilde. Vemund og Nils Erik er bitre uvener og kranglar om det meste. Dotter til Vemund, Inga (Sølvi Bøygard Holthe) er ei framgongsrik, ung dame som planlegg å kjøpe opp ei bedrift nede i byen. Mathilde strevar med å få sonen sin gift med Inga slik at den dovne sonen kan få ei skikkeleg dame til å halde han oppe og til å få han fram her i verda. Midt i dette sirkuset kjem den gamle og svært så rike onkelen til Mathilde, Sten-Erik (Asbjørn Lervik), inn i biletet. Den gamle er slett ikkje enkel å ha i hus og betre vert det ikkje då magen hans slår seg vrang…
Dette er eit stykke fullt av humor og dei rundt 250 frammøtte lar seg lett riva med av rollefigurane og dei heller litt uvanlege problema som dei slit med. Alle skodespelarane er med på å skape ei strålande framsyning med gode enkelt prestasjonar.
Etter at stykket var over var det fleire blant publikum som meinte at dette var det beste Sandeid u.l. teater hadde fått til nokon gong. Om ein skal dra fram eit høgdepunkt må det vera då Mathilde spela gitar og song saman med sonen Lars, større innleving må ein leite lenge etter. Med andre ord var dette ei utruleg god framsyning som alle med høve bør få med seg. Me kan berre vona at laget vel å setja opp framhaldet i trilogien så me atter ein gong kan vitja småbruket til Nils Erik og Mathilde.
Liv Astrid H. Hesjedal