Molde: Det var berre ti sekundar fram til Eirik Kurland Olsen og bronsemedalje. Røyken-gutten har no sanka så mange noregscuppoeng at han ligg på delt tredjeplass med Bjørnar samanlagt. Det betyr at resultata i noregscupfinalen etter påske vil bli avgjerande for kven som får stå på det nedste trinnet på sigarspallen. Sæves har allereie vunne i samandraget. Det skal også litt til for å nekte Tore Martin Søbak Gundersen andreplassen.
-Eg er nøgd med sesongen same kva som skjer på Lillehammr rett etter påske, seier Bjørnar etter laurdagens femteplass.
Han gjekk for ein ny medalje i fristilrennet i Molde.
-7,5 kilometer er litt i kortaste laget for meg. Det blei rett og slett for masete. Eg fann aldri rytmen og den gode kjensla som eg hadde på torsdag då det blei sølv. Eg følte det fungerte bra i bakken. I dei lettaste partia klarte eg ikkje å halde tritt med dei beste denne gongen, seier Bjørnar.
Han hang på ingen måte med hovudet, sjølv om det var fire som gjekk raskare. Han har i heile vinter vore blant dei beste i sin årsklasse. Det er eit teikn på at han har tatt eit skritt vidare og stabilisert seg på eit høgare nivå.
Sterk på klassisk
Størst framsteg har Vindafjord-løparen hatt i klassisk, som er ein stilart han meistrar betre og betre. Bjørnar tar no sikte på å byggje opp en formtopp til noregscupfinalen. Mykje trening og eitt eller to testrenn er resepten. Guten som førre helg var med på å ta medalje i Nordisk Juniorlandskamp, utelukkar heller ikkje at han vil stille opp i eitt eller fleire turrenn. Larsen er på ingen måte lei sjølv om sesongen er på hell. Andreårsjunioren ønskjer å sette eit skikkeleg punktum for årets sesong før han tar fatt på førebuingane til ein ny. Thomas Vestbø fekk på grunn av sjukdom ikkje vist seg fram i sitt første junior-NM.
Det blei trettande plass på Stian Haugland i sprinten på sundag.