Det er det som gjer desse forhandlingane så kompliserte og vanskelege. Dei skal stetta dei små og fattige så vel som dei rike og store. Noreg forhandlar i ei 10-landsgruppe med blant anna verdas rikaste land som medlemmer. Dei fokuserer på retten til eigen matproduksjon, samstundes som dei er nettoimportørar av matvarer.
Me er ufordrageleg rike, og det må me forstå når me er ute i verda. Ingen tykkjer så veldig synd på oss. Det seier Bjoa-bonde Gunnar Dalen, som er blant dei som kjenner WTO-forhandlingane frå innsida. Etter hans vurdering er det mest kritiske for norske bønder om det blir maksimum tollsats på importerte landbruksvarer. Også gallopperande løns- og kostnadsvekst nasjonalt er gift for landbruket, åtvarar Dalen.
Gunnar Dalen har elles eit nøkternt syn på WTO-forhandlingane. Han deler til dømes ikkje Nationen si svartmåling av situasjonen for bøndene. Dersom me ikkje blir kjørte i grøfta med tolltak, trur Dalen at det er politisk vilje til å leggja til rette for norsk landbruk også i framtida. Han minner om at Noreg kom godt ut av førre forhandlingsrunde i WTO.
Det er ikkje tvil om at landbruket i Noreg, til liks med landbruket i mange land verda over, står framfor svært spennande veker medan WTO-forhandlingane pågår. Likevel kan det vera klokt å ikkje ropa ulv i utide. Gunnar Dalen si nøkterne og profesjonelle haldning, er ei positiv motvekt til hylekora me høyrer frå anna hald.
Som i VM-fotball er ikkje resultatet gitt før kampane er spelte. Sjølv om Noreg sin motstandar er Tsjekkia i play-offkampane til VM i Tyskland neste år.