Næringsliv så det susar

Ingen andre kommunar i landet var så gode på næringsliv i 2004 som Ølen. Bedriftene […]

Ingen andre kommunar i landet var så gode på næringsliv i 2004 som Ølen. Bedriftene scorar aller best på at dei er lønsame, pluss at det er tett med næringsliv med mange private bedrifter og arbeidsplassar samanlikna med folketalet.

Bedrift i vekst
Telemarksforsking kårar landets beste kommunar og regionar for næringsliv, og i den ferske indeksen frå 2004, er Ølen aller best. Hakk i hel med Ølen er fleire kommunar i Rogaland som er den mest næringssterke regionen i landet med utgangspunkt i Jæren.
Eit næringsliv i vekst og bedrifter som går så det susar. Vassnes Elektro AS i Ølensvåg er ein typisk representant i denne delen av næringslivet.
Bedrifta har auka frå 37 til 57 tilsette i løpet av to år. I fjor hadde selskapet ein driftsmargin på 31.5 prosent, og årsresultatet var nesten 24 prosent av omsetnaden.

Fordel å ta over
— Vi var på rett plass til rett tid fjor, og då kan det bli bra. Vi har hatt det litt rolegare i år, så det blir ikkje like bra i år, seier dagleg leiar Helge Vassnes i Vassnes Elektro AS.
Frå hovudbasen på West Contractors sitt verftsområde, ser 2006 minst like lyst ut som i fjor sidan det alt no ligg ein ordrereserve på 50 millionar kroner og ventar. Det handlar først og fremst om fire nybygg med to suplyskip, ein trålar og deretter endå eit suplyskip hos West Contractors. Neste år blir det også travlare på riggfronten etter eit roleg år.
Det er to år sidan dei tilsette hos ABB Marine si avdeling i Ølensvåg kjøpte opp denne avdelinga etter at gigantkonsernet hadde varsla nedlegging eller sal i ei omstrukturering. 30 av dei tilsette gjekk inn på eigarsida saman med Westcon.
— No styrer vi alt sjølv og kan gå inn i marknader som ikkje var aktuelle då vi var ein del av ABB. Det er også ein stor fordel at tilsette har eit sterkt eigartilhøve til bedrifta. Det får fram ein ekstra innsats og høve til å påverke utviklinga i selskapet.

Vilje og kremmarånd
Han gir seg ikkje ut for å ha eit orakelsvar på kvifor Ølen og spesielt Ølensvåg, peikar seg ut som eit spesialt vellukka og aktivt område.
— Det er ikkje tvil om at vi er i eit område med mange kremmarar som har vilje til å satse. Det er ein fordel å vere med på eit slikt vinnarlag fordi vi kan selje oss på det. Bedriftene drar saman også, meiner Vassnes.
Selskapet han er dagleg leiar for investerer for å bli betre, mellom anna i samarbeid med Omega AS.
— Det er mogleg å drive det godt når ein spesialiserer seg. Det er feil fokus å berre levere på pris. Vår filosofi er kvalitet til rett tid. Det betyr mykje i denne bransjen der det er store dagbøter dersom ein ikkje held fristar. Konkurransen vi møter frå utlandet er berre på pris, forklarer Vassnes.

Overtar på Karmøy
Det er ein viss symbiose mellom Vassnes Elektro og West Contractors ved at elektrooperatøren hadde nærmare 85 prosent av aktiviteten sin hos Westcon. I år er den nede i 60 prosent, ikkje minst på grunn av færre riggar hos Westcon.
— Vi er eit frittståande selskap og Westcon samanliknar oss på pris heile vegen. Vi har fordelar av å vere eit lokalt selskap med tilsette som bur i kommunane rundt. Det gir mindre kostnader, seier Vassnes.
Per dags dato har selskapet 15 personar i arbeid på to isbrytarar hos Havyard i Sogn, og fem offshore på sokkelen. Resten er i arbeid hos Westcon.
Vassnes Automation har nettopp overtatt Uni Automation på Karmøy. Det samanslåtte selskapet skal skreddarsy løysingar innan automasjon både for industri, oljeriggar og skip.