Næringslivet kallar etter doktorgrad

Etter vidaregåande skule i Ølen, begynte Atle Svandal ved Universitetet i Bergen, der han tok […]

Etter vidaregåande skule i Ølen, begynte Atle Svandal ved Universitetet i Bergen, der han tok eksamen i fysikk i 2001. Han jobba ein periode som forskar i Nera før han vart innkalla til militæret. Han returnerte til Universitetet i Bergen og starta doktorgradsarbeidet, som han fullførte den 22. februar i år.
Han fortel om ei hektisk tid på slutten av førebuingane til doktorgraden.
— Dessutan hadde eg influensa veka før eg skulle opp, noko som ikkje gjorde førebuinga lettare, fortel han.
Han er ikkje oppteken av kva tittel han har etter disputasen.
— Men om eg vil, kan eg kalle meg doktor i fysikk, seier han.

Etterspurd arbeidskraft
Nå er det næringslivet som kallar, og han er i full gang med å søkje jobbar.
— Det blir ingen fortsetjing på den akademiske karriere. Eg søker nå jobb i næringslivet, og det er jobbar innan olje og energi som er interessante, fortel han.
Utdanninga han har valt, er svært aktuell.
— Det er stort behov for folk med denne utdanninga, og det er mange jobbar å søke på.

Doktorgraden
Atle Svandal disputerte i si doktorgrad om blandingar av gass og vatn som under spesielle forhold av trykk og temperatur kan danne eit isliknande stoff som blir kalla hydrat. «Modeling hydrate phase transitions using mean-field approaches».
Hydrat består av ein krystallstruktur der vassmolekyl dannar små holrom med plass til eit gassmolekyl. Mange forskjellige gassar kan saman med vatn danne hydrat, men to spesielt interessante gassar er CO2 og metan (naturgass).
Avhandlinga har vore eit studie av korleis metan- og CO2-hydrat veks og smeltar under ulike forhold. I samarbeid med ei ungarsk forskargruppe er det utvikla ein modell for danning og vekst av hydrat på micro-nivå. Datasimuleringar av denne modellen har vore ein sentral del av studiet. Resultat frå desse simuleringane viser blant anna kor viktig transporten av gassmolekyler i væska er for kor snart veksten går.