Einvegskjørt toppduell

Fotball, 5. div, menn, avd 04 Etne – Skjoldar 5-0 (2-0) 1 – 0 Kjetil […]

Fotball, 5. div, menn, avd 04
Etne – Skjoldar 5-0 (2-0)
1 – 0 Kjetil Bjørgen 5 min
2 – 0 Runar Rosseland 16 min
3 – 0 Torgeir Tungesvik 70 min
4 – 0 Ove Straumsøy 75 min
5 – 0 Espen Heggelund 88 min
Gule kort:
Egil Moe, Skjoldar 74 min
Ove Straumsøy 76 min
Åsmund Skumsnes 89 min
Om lag 25 tilskodarar

Allereie fem minuttar ut i første omgang, får Skjoldar sin første kalddusj. Kjetil Bjørgen slår ballen rundt keeper Jarle Rødde i Skjoldar-målet, og sender Etne i leiing 1-0. Eit flott mål av Etne–spissen.
Etne held fram med å pressa Skjoldar langt tilbake på banen. Etter eit kvarter får Runar Rosseland kjempetreff. Han skyt ballen frå om lag 25 meter kontant i lengste hjørnet. Utan tvil kampens finaste mål!
Etter halvspelt 1. omgang, overtek Skjoldar meir og meir spelet. Dei får fleire gode sjansar, men må gå av banen til pause med null mål. Etne fekk straffe 36 minutt ut i omgangen, men Eivind Aastvedt klarte ikkje å lura ein god Jarle Rødde. Etne var heldige som ikkje fekk motstandarane tettare innpå seg før pause.

Einvegskjøring
I 2. omgang var det eit skjerpa Etne–lag som kom på banen. Skjoldar sine spelarar gav meir eller mindre opp, og mykje temperament og irritasjon prega spelarane. 25 minutt ut i omgangen reduserte Torgeir Tungesvik til 3 – 0. Nokre minuttar etterpå byta Etne-trenar Martin Moe ut to av kampens mestarbeidande spelarar; Arild Selland og Kjetil Bjørgen. Inn kom nye og unge krefter med 16–åringane Martin Heggelund og Johannes Eide. Dei gjorde ein formidabel innsats i sluttminuttane. Spesielt bra var Johannes Eide sine fine innlegg. Sindre Tjelmeland, nok ein talentfull 16–åring, gjorde òg ein god kamp, han hadde blant anna ein god målsjanse. Halvtimen spelt av 2. omgang, får Ove Straumsøy gjort godt igjen tabben litt tidlegare i kampen då han bomma på ope mål. Straumsøy lobba ballen elegant i mål, og Skjoldar måtte berre innsjå at 4 – 0 var for mykje å ta igjen.
To minuttar før slutt set Espen Heggelund eit kontant punktum for kampen. Han skyt ballen knallhardt i mål, og fastset sluttresultatet til imponerande 5 – 0.

Nøgd trenar
Martin Moe synest kampen godt kunne slutta med enda fleire mål til heimelaget.
— Me hadde mange gode sjansar på slutten som godt kunne hamna i mål. Det som ikkje var fullt så bra, var at laget datt såpass mykje ned i kvalitet spelemessig i andre halvdel av 1. omgang, seier trenar Martin Moe.
— Det blir opprykk til 4. divisjon no då?
— Å nei, det er altfor tidleg å seia noko om. Det er svært jamt, og fem kampar att, så ingenting er avgjort, seier han.

]]>