Nixon sitt besøk til Kina på 1970-talet opna for alvor opp for akupunktur i Vesten. Akupunktør Hilde Øren Bjørgen har plansjar og modellar i klinikken sin i Ølen som viser dei par tusen punkta på kroppen det går an å stikke nålene.
Ho opna praksis for kort tid tilbake, men har bak seg eit treårig studium i akupunktur.
Forklaring
— Det er veksande interesse for akupunktur. Det var også nyfikne som gjorde at eg byrja å interessere meg for denne delen av folkemedisinen. I akupunktur behandlar vi ikkje berre symptom, men er på leit etter årsakene. Det er fascinerande. Slik kinesarane praktiserer akupunktur, er det ei forklaring for korleis ting heng saman i kroppen og korleis akupunktur kan påverke tilstandar, forklarer Bjørgen.
Ho er autorisert akupunktør i det norske miljøet: Det vil seie at ho har helsefagleg bakgrunn på minimum høgskulenivå, pluss at ho har tatt ei treårig utdanning i akupunktur.
Meir stoverein
Akupunktur har fått auka status som behandlingsform dei seinare åra. Den er ikkje fullt så alternativ som den var før. Eit synleg bevis på det er at legar og fysioterapeutar kan bruke akupunktur med rett til refusjon frå rikstrygdeverket på same måte som skulemedisinen.
Andre akupunktørar har enno ikkje fått denne statusen, men også Helsedepartementet står bak ein database for seriøse akupunktørar som har gjennomgått utdanning.
— Det er positivt at det blir gjort ein del for å luke ut dei meir useriøse som praktiserer utan nokon særleg bakgrunn. Det er bruk for solid utdanning og helsefagleg bakgrunn, meiner Bjørgen.
Mot smerte
— Akupunktur baserer seg på ei gammal lære om energibaner i kroppen som lar seg påverke av nålestikk. Forsking viser at det er ein del tilstandar og helseplager akupunktur verkar på, og det er anerkjent i legevitskapen. Det er også tilstandar som legane ikkje alltid veit kva dei skal gjere med. Forsking viser til dømes at akupunktur har god effekt for til dømes kvalme i svangerskapet og biholebetennelse, fortel akupunktøren.
Ho konsentrerer seg om tradisjonelle plager som er vanleg å bruke akupunktur mot. På denne lista over tilstandar akupunktørar blir kontakta for, står først og fremst:
n Smerter i musklar og skjellett
n Hovudverk og migrene
n Infeksjonar
n Plager i luftvegar
— Akupunktur kan vere ei behandlingsform for det meste, men det er ein del ting som peiker seg meir ut, spesielt når ein er relativt fersk i faget, seier Bjørgen.
Prøvt under fødsel
I Kina bruker dei akupunktur mot det meste, og det finst sjukehus for berre akupunktur. Under ein studietur i Kina var Hilde Øren Bjørgen vitne til eit keisarsnitt der den einaste smertebehandlinga var gjennom nåler. Sjølv prøvde ho akupunktur under fødsel for vel eit år sidan.
— Behandling utan medikament er fascinerande. Men eg vil understreke at akupunktørar oppfordrar folk til å ta kontakt med lege eller informere legen sin om at dei tar akupunktur for noko som plagar. Er det mistanke om alvorlege tilstrandar overlet eg det til legar fullt og heilt i første omgang. Det er ein viktig grensegang, seier ho.
Bjørgen trur det i framtida vil bli langt større samarbeid på tvers av medisingrensene der alternativ medisin, tradisjonell legebehandling og fysioterapi ser pasientane i samanheng.
Kokebok
Akupunktørar bruker ei kokebok for behandling gjennom nålestikk, men dei prøver også å stille diagnosar sjølve.
— Den enkelte si sjukdomshistorie er viktig når vi skal forstå plagene og samanhengane. Vi kan også finne ut ein god del gjennom å studerer tunga, og pulsen. Akupunktur er med på å frigjere energien i kroppen som har hopa seg opp, fortel ho.
Bjørgen har ikkje heilt slutta som sjukepleiar, og ho kombinerer med jobben som akupunktør. Ho avviser at du må tru på Austens mystikk og filosofi for å praktisere eller ha nytte av akupunktur.
— Dette er fleire tusen år gamle erfaringar om korleis kroppen fungerer. Og energibanen i kroppen er det få som drar i tvil. Det er ikkje meir mystisk enn det.
Nålestikk for helse
Nixon sitt besøk til Kina på 1970-talet opna for alvor opp for akupunktur i Vesten. […]