Namnet skjemmer ingen

Og faktisk ikkje berre tjuvar, dei har og drive med underslag av offentlege midlar! Eg […]

Og faktisk ikkje berre tjuvar, dei har og drive med underslag av offentlege midlar! Eg meiner sjølvsagt midlane kommunen har fått utdelt til skulefrukt.
Pengane dei fekk frå «høgare makter» i Oslo har dei underslege og bruka til andre ting, og altså stole frukta til elevane.
Joda, eg reknar med at ein eller annan hane vil stikka hovudet fram no og gala. Og orsakingane og forklaringane står sikkert på linje. Dei plar gjera det frå den kanten…. Men me er jo ikkje nøydde til å høyra på dei! Me treng ikkje godta dei fine og velvalde orda dei kjem med og ta dei for god fisk.
Dei vil sikker forklara det med mellom anna naudsynt trong for å bruka pengane andre stader for å fylla andre hòl, eller noko liknande.
Kanskje dei skal bruka dei til å fylla hòla i Vågshagen der den nye barnehagen skulle komma? Det er rom for ein bråte frukt der!
Personleg er eg ikkje så hardt plaga av det som her har hendt. Min fyrsteklassing går på Vågen skule, og elevane der får frukta si betalt av næringsdrivande i lokalmiljøet.
Men det plagar meg grenselaust at elevar ikkje skal få det dei har rett på og er lova!
Eg har tru på at foreldra vil visa kva dei meiner om dette. Hadde eg og du gjort oss til tjuvar i ei liknande sak, kan ein vera viss på at vegen til lensmannskontoret ikkje hadde vore lang!
Og det er vel ingen ting i vegen for å melda eit formannskap med ein rådmann i spissen? Er det nokon av desse kommunale tjuvane som skammar seg litt? Bare bitte, bitte litt….. Og la meg til sist ynskja heile formannskapet med rådmannen i spissen ein fin og fruktlaus dag!

Jahn H. Grønås
Ølensvåg