Når livsstil blir fiende

Difor er det flott at eit stort forskingsprosjekt der 100.000 barn deltar, skal skaffe meir […]

Difor er det flott at eit stort forskingsprosjekt der 100.000 barn deltar, skal skaffe meir kunnskap om denne typen diabetes som oppstår tidleg i livet. Livsstil er blitt eit helseproblem, men det er viktig å ikkje plassere alt i same sekken.

Enkelte legar og forskarar meiner at det er så mykje merksemd om alt som er farleg og usunt, at det kan gjere folk sjuke. Det kan i alle fall skape inntrykk av at livet er farlegare enn det er. Problemet oppstår når det usunne blir ein del av livsstilen. Ingen kan lenger argumentere mot at røyking tar liv. Heller ikkje at overvekt kombinert med lite mosjon er farleg for helsa.
Den neste kampen blir om sukkeret. Verdas helseorganisasjon har alt starta krigen mot sukker og overvekt i den vestlege verda.

Når toppane i det nordiske ernæringsmiljøet tar til orde for reklameforbod for næringsfattige matvarer som potetchips, snop og brus, viser det utfordringa dei meiner vi står framfor.
Sett på spissen blir det hevda at det på mange skular er lettare å få tak i brus og søtsaker enn vatn og frukt. Og i barnehagar blir bursdagar feira med brus og kaker, og matvarer med mykje sukker i er ein fast del av måltida.
Ved å innføre ei nesten sukkerfri sone i barnehagar og skular, kan ein kombinere både handling og haldningar. Ein del vidaregåande skular i Rogaland går framfor som eit godt eksempel ved å fjerne brusautomatane og tilby vatn til brusgenerasjonen.