Når tre blir ein

Regjeringa vil slå ned veggane og samle alt bak ein skranke. Tre skal bli ein.  […]

Regjeringa vil slå ned veggane og samle alt bak ein skranke. Tre skal bli ein. 
Rikstrygdeverket har to millionar brukarar med tre til fire millionar saker kvart år. Kvart sekund, kvart døgn, heile året, betaler trygdeverket ut 8.000 kroner. Det blir lett å fortapa seg i store tal når dette eigentleg handlar om det einskilde mennesket. Me må hugsa at kvar einaste utbetaling og kvar einaste saksmappe representerer eit menneske som er usikker på framtida, som har mista jobben, som er sjuk. Det som er sams, er at me i slike situasjonar har alt anna å tenkje på enn telefonnummer og adresser. Nokre føler seg også nedverdiga når dei må leggja saka si fram gong etter gong, som kasteballar mellom ulike etatar.
 Arbeids- og sosialminister Dagfinn Høybråten foreslår å slå saman trygdeetaten og arbeidsmarknadsetaten og la den nye etaten samarbeida tett med kommunane sin sosialetat. Slik skal kvar einskild møta ein skranke, ei telefonline – og ei open dør. Den nye etaten tar over ansvaret for arbeid, dagpengar, attføring, sjukepengar og pensjon, medan kommunane framleis har ansvaret for sosialhjelpa.
 Dette er ei viktig sak for KrF, fordi det handlar om det einskilde mennesket sitt møte med velferdssamfunnet. Den einskilde si oppleving av dette møtet er sjølve prøven på om velferdssamfunnet held mål.
 Sjølv om me aldri har brukt meir på velferd, ser vi framleis at nokre fell utanfor velferdssamfunnet. Me veit at inntekt frå eige arbeid er den beste vegen ut av ein vanskeleg økonomisk situasjon. Det beste me kan gjera for å kjempa mot fattigdomen er å laga ein breiare veg inn i arbeidslivet. No skal me fanga kasteballane og få dei i mål: Tilbake i aktivitet og arbeid.

Ingebrigt S. Sørfonn, stortingsrepresentant KrF Hordaland