Nasjonalparken i boks

Samstundes som han veit at ikkje alle er like nøgde med dei endelege grensene. Hyttefolket […]

Samstundes som han veit at ikkje alle er like nøgde med dei endelege grensene. Hyttefolket og grunneigarar på Mosnes i Etne er nok mellom dei.
Med undertittelen: Ein nasjonalpark frå fjord til fonn, var det nok ekstra viktig for Hareide at dette området kom innanfor vernegrensene. Mosnes er nemleg den einaste staden der nasjonalparken går samanhengande frå fjord til fjell og fonn.
— Det er sjølvsagt ikkje noko me applauderer. Men eg må likevel seia at Etne kommune totalt sett ikkje har mykje å klaga over. Området Vetrhus/Botnane er teke ut av verneplanen, slik kommunen ønskte det. Me har også fått den opninga me håpa på for å kunna søkja om dispensasjon til å laga ein tunnel/leggja eit røyr frå Fjæra til Sandvikevatnet. Såleis er Norwegian Water Company no endå nærare ei realisering, meiner ordføraren i Etne, Amund Enge. Han ønskjer også å presisera at hyttene og bygningsmassane på Mosnes er utanfor verneområdet.
— Men det gjer jo sjølvsagt alt mykje tyngre når ein har vernegrensene heilt i veggen.

Landbruksinteresser
Miljøvernminister Knut Arild Hareide var sjølv ikkje til stades på Slottet under fredagens statsråd. Han var i London. Men ikkje lengre vekke enn at han meir enn gjerne kommenterte den nye nasjonalparken. På telefon.
— Me har lytta til og lest alt som har kome av innspel. Fylkesmannen i Hordaland har gjennomført meir enn 50 møte og synfaringar i planområdet. Her skal alle ha fått ein skikkeleg sjanse til å uttala seg. Og me har så absolutt lytta til innspela. I løpet av prosessen har så mykje som 60 kvadratkilometer vorte fjerna frå verneplanen, i første omgang for å stetta krava frå landbruket og andre næringsinteresser, fortel bømlingen i statsrådsstolen.
— Det var litt spesielt at ein del grunneigarar sjølv tok kontakt med oss for å få verna området Vetrhus/Botnane. Dette har me likevel valt å sjå vekk frå, og heller støtta oss på uttalar frå Fylkesmannen og andre interessegrupper, fortel Hareide.

70 GWh
I kategorien andre interessegrupper finn ein definitivt Sunnhordland Kraftlag (SKL). Hadde Vetrhus/Botnane hamna innanfor verneområdet, ville det vore kroken på døra for ei framtidig overføring av vatn til dei eksisterande Blåfalli-anlegga.
— No har me iallfall ein sjanse til å få arbeida vidare. Det at området hamna utanfor nasjonalparken, vil på ingen måte seia det same som at me har fått aksept for prosjektet vårt. Men me kjem iallfall til å gå vidare med grunneigarane for å sjå om me kan koma i posisjon til å få konsesjonssøkt prosjektet, seier administrerande direktør hjå SKL, Magne Heimvik.
Vatnet frå Vetrhus/Botnane kan gje kraft tilsvarande 70 GWh, og vil ikkje medføra andre inngrep enn ein usynleg tunnel.

Nei i Kvinnherad
SKL er nok ekstra sugne på å få til ei ordning i Etne kommune, etter at dei fredag truleg mista eit anna prosjekt.
— Det kom mildt sagt overraskande på oss at Guddalsvassdraget hamna innanfor grensene i nasjonalparken. Det er berre kort tid sidan Samla Plan vart handsama på Stortinget, og der gjekk fleirtalet inn for at Fonnavatnet og Guddalsvassdraget skulle haldast utanfor. Her hadde me håpa på ei tilsvarande tunneloverføring som me ser for oss på Etne-sida. Effekten ville vore om lag 35 GWh. Dette var både skuffande og ikkje minst overraskande, meiner Heimvik.

Storstila opning
14. mai kjem dronning Sonja, miljøvernminister Knut Arild Hareide, kulturminister Valgerd Svarstad Haugland og ei rekkje andre prominensar til Kvinnherad. På formiddagen skal det vera offisiell opning av Folgefonna nasjonalpark inne ved Bondhusvatnet i Mauranger, før folket tek seg til Rosendal og ei endelaus rekkje med små og store arrangement. Mellom anna vert det ei kort festforestilling i bygda sitt samfunnshus. Eit arrangement betalt av Miljøverndepartementet, og der kulturetaten i dei fem involverte kommunane – Kvinnherad, Etne, Odda, Jondal og Ullensvang – får tildelt billettar som dei skal distribuera gratis til innbyggarane sine. Korleis denne fordelinga skal skje, er enno ikkje avklart.