Naturperle treng meir enn velvilje

— Det var ikkje vanskeleg å seia ja til å vera med på båttur til […]

— Det var ikkje vanskeleg å seia ja til å vera med på båttur til Romsa. Eg har høyrt mykje om denne øya, men eg har aldri vore her før, sa ein strålande opplagt Ingebrigt Sørfonn (KrF). Fitjarbuen fekk jamvel køyra motorbåten ute på Bjoafjorden, og han såg ut til å trivast godt med det.
Med på turen var også May-Britt Vihovde (V). Vihovde trudde ikkje ho hadde vore på Romsaøyane, men i innseglinga kjende ho seg att. Sanneleg hadde ho vore der likevel, sjølv om det var svært mange år sidan.

Fell mellom alle stolar

Nord-Rogaland og Sunnhordland Friluftsråd var heldige med vêret. Om skrøyteturen gjer att pengepotten frå politikarane blir større, står att og sjå. Det er nemleg ikkje til å koma forbi at ein organisasjon av denne typen er avhengig av at offentlege kroner følgjer i kjølvatnet av fagre ord.
— Eit problem for det frivillige friluftslivet, er at me druknar i velvilje. Det står mykje positivt i stortingsmeldingane, om helsetilstanden i befolkninga og så vidare. Når det er snakk og løyvingar og prioriteringar, så forsvinn for så vidt ikkje velviljen, men han kjem litt i skuggen. Me fell mellom alle stolar, meinte Svein Ivar Langhelle, som er styreleiar i Friluftsrådet.
Det interkommunale rådet har samla dei fleste kommunane i regionen som medlemmar.
— Kommunane betaler litt over ti kroner per innbyggjar for å støtta oss. Dette utgjer om lag ein tredel av budsjettramma. Resten kjem frå stat og fylke, opplyste nestleiar Oddvin Øvernes, som også kunne fortelja at gjestene etterlet seg meir og meir søppel på friluftsområda.

Allmennaretten

Venstrepolitikar Vihovde stilte spørsmål om dei hadde merka nokon auke i gjerde og andre hinder for fri ferdsle langs strandsona. Allmannaretten var noko ho var oppteken av.
— Kampen om strandsona er tilspissa her i Rogaland og Hordaland også, repliserte Øvernes.
Nett i den samanhengen såg han det som svært verdifullt at Friluftsrådet har hand om heile øygruppa, som kom i offentleg eige etter at dei siste av dei sju gardsbruka var fråflytte i 1961. Han trekte parallellar til interessekonflikten som har oppstått om Østre Bolærne i Oslofjorden.

Frivillig innsats viktig

Kari Dommersnes frå Bjoa arbeider for Friluftsrådet, og ho er også aktiv i Kystlaget Romsa. Utan omfattande frivillig innsats frå henne og frå andre i dette laget, hadde neppe Romsa stått fram som den flotte fjordperla Dommersnes og dei andre i Friluftsrådet kan visa fram for politikarar og for ålmenta. Det var Dommersnes som førte skuta med rikspolitikarane inn til Romsakaien denne nydelege sommardagen.
— Det var kjekt å koma hit til Romsa og få denne orienteringa. Eg har festa eit bilete på netthinna. Kombinasjonen av offentlege midlar og frivillig innsats er verdifull. Når det gjeld dette med å falla mellom fleire stolar, så kan det henda eg tek det opp med den nye miljøvernministeren. Dette må han gjera noko med, sa KrF-politikarar Sørfonn med adresse til partifellen frå nabokommunen i sør.