Nedgang i fisket

Gjerde har så langt ikkje ekstakte tal å gje etter at fiseksesongen blei avslutta 14. […]

Gjerde har så langt ikkje ekstakte tal å gje etter at fiseksesongen blei avslutta 14. september. Han er likevel ikkje i tvil om at tala kjem til å ligge under fjoråret.
— Eg trur me endar opp med mellom halvanna til to tonn i år. I fjor blei det fiska snautt tre tonn, seier han.
Han fortel at det dei siste seks til sju åra har vore veldig gode sesongar med resultat på oppunder tre tonn.
— Toppåret var i 2002. Då blei det fanga over tre tonn, mimrar han.
Gjerde har ingen teori om kvifor det er så sterk nedgang i år.
— Me synst me har sett bra me fisk, men me veit ikkje kvifor dei ikkje har bite på, kommenterer grunneigaren.
Han synst ikkje det er grunn til å spekulere i om vassforholda har verka inn.
— Det var lite vatn i juni, men sidan har det vore bra. Elva har vore for stor to gonger, og enkelte fiskestrekk blir håplause då. Det har likevel berre vart i nokre timar, seier han, og konkuldrerer med at forholda alt i alt har vore gunstige med omsyn til vatn.

Ikkje oppdrettslaks
Den største fisken som blei tatt i Vikedalselva i år var ein villaks på 15,2 kilo. Den blei fiska av Torbjørn Nordal frå Karmøy.
— Det er også tatt nokon på mellom sju og ni kilo, men ikkje så mange som i fjor, stadfestar Gjerde.
Han seier at dei så langt ikkje har oppdaga noko av den rømte oppdrettslaksen i Vikedalselva.
— Det har vore mykje vatn i elva den siste tida, så det har vore vanskeleg å sjå. Til helga byrjar Vindafjord Jeger og Fisk å fiske opp noko etter sesongen for å ta skjelprøvar, og då vil me kunne oppdage ei eventuell innblanding av oppdrettslaks, seier Gjerde.
I Etneleva jobbast det no på sreng med å fiske opp rømt laks frå oppdrettsanlegg. Resultata der etter at sesongen blei avslutta 10. september, tyder på same nedgang som i Vikedal. Nick Jacobsen reknar med at laksesummen blir kring 1.500 kilo i Etneelva, mot 2.906 kilo i fjor. Fangsten av aure ligg på kring 700 kilo, som er omtrent det same som i fjor.