Nedstøva legat i Vindafjord

Då Grannar var på besøk i Vindafjord rådhus, tok det for det fyrste veldig lang […]

Då Grannar var på besøk i Vindafjord rådhus, tok det for det fyrste veldig lang tid før ein fann ut kven som i det heile tatt hadde oversikt over legata i kommunen. Til slutt fekk me opplyst at Leif Arne Nilsen i økonomiavdelinga var den rette mannen. Han var svært hjelpsam, og fann fram legat etter legat.
— Eg veit ikkje kven som har fullmakt til å dele ut legatkroner til eventuelle søkjarar. Eg veit heller ikkje kva statuttar som gjeld, seier Nilsen som har hatt det økonomiske ansvaret for legata sidan 2002.
Grannar fekk med seg kontonummer til dei fleste legata, med oppfordring om å finne ut kven som hadde forvaltaransvaret over legata. Etter ein telefonrunde til bankane, viste det seg fort at ingen andre enn Vindafjord kommune har den fullmakta.

Ingen aktivitet
Etter å sett litt i rekneskapspapira kom Leif Arne Nilsen fram til at det einaste legatet som det hadde vore aktivitet på, var Anna og Hans Hansens legat for vidareutdanning av ungdom frå gamle Vikedal kommune. Her i frå vart det utbetalt ein sum på 12. 000 kroner i 1999, fordelt på 13 elevar.
Dei andre 14 legata, som til saman inneheld 408 000 kroner, har ikkje blitt rørte på minst ti år. Verken banken eller kommunen kunne finne fram kontoutskrifter for lengre enn ti år attende, difor er det ingen som eigentleg veit når det sist vart gjort noko med legata.

Ukjende statuttar
Det at statuttane, krava om kven som kan søkje på dei ulike legata, ikkje var å finne verken i kommunen sine papir eller i banken, verkar urovekkjande. Eit legat bør forvaltast med stor respekt og etter dei krav som er nedfelte i statuttane.
Det har ikkje lukkast Grannar å få tak i ordførar Arne Bergsvåg for kommentar til kommunen si forvalting av legat i gamle Vindafjord kommune.