Nedvurdering av menneske

Så var det reduksjon til eitt kjøkken, frå i dag to ved sjukheimane i Ølen […]

Så var det reduksjon til eitt kjøkken, frå i dag to ved sjukheimane i Ølen og Vats. Kvar kjøkkenet skal vera, er enno ikkje kjent. Så kom det for dagen at klientar ved dei to sjukeheimane må flyttast på. Det førebels siste er at dei som det ikkje er stillingsheimlar til, blir overførte til ein såkalla stillingsbank.

Dei første reaksjonane til omorganiseringa kom frå dei som på ulike måtar er knytte til PP-tenesta. Så langt me kjenner til er det ikkje komme positive reaksjonar på flytteplanane. Det einaste argumentet er at den nye kommunen må nytta den bygningsmassen dei har til disposisjon i dei ulike bygdene. Me har ikkje høyrt noko om at flyttinga er til det beste for brukarane og dei tilsette.

Når det gjeld flytting av dementpasientar frå Ølen til Vats, har verken pasientane eller dei pårørande blitt varsla om planane. Hilde Haraldseid, den nye stabsrådgjevaren for pleie- og omsorgstenesta i den nye kommunen, vedgår at det har vore tynt med informasjon. Det forsvarer ho med at ting skjer svært fort og at planane som nå ligg føre er ferske. På spørsmål om det ikkje er brutalt å ta gamle og sjuke vekk frå nærmiljøet og kontakten med dei som dei kjenner frå før, svarer ho at all omorganisering er tøff, men at all endring er ein overgang. Ho innrømmer at det er dramatisk for den enkelte medan det står på, men for organisasjonen på sikt er det ingen dramatikk. Det er det dei må ta omsyn til, seier ho.

Det er ikkje rart at dei pårørande reagerer både med frustrasjon og sinne når dei blir møtte med slike argument. Det blir snakka mykje om menneskeverd i dag, heilt frå starten i mors liv og til grava. Desse menneska, har like mykje krav på respekt som alle andre. Det er godt at dei har pårørande som bryr seg og reagerer når dei sjølve ikkje klarer det og blir stilte på sidelinja som tilfellet er i Ølen. Det minste ein må kunna forlanga er informasjon og ikkje at dei skal måtta lesa seg til det som skal skje gjennom avisene.