Jens Stoltenberg sitt dramatiske lineskift kan no ha gjort slutt på dette. Stoltenberg sa på Europarørsla sitt landsmøte 13. mars at nei-representantar i Ap skal bindast i EU-saka. Så langt vågde aldri forgjengarane Bratteli og Harlem Brundtland å gå. Nei-folk har tidlegare kunna røysta Ap fordi dei visste at der var like gode nei-folk som i Sp, KrF og SV. Det argumentet er borte når Stoltenberg svingar partipisken.
Som talsmann for Sp – som tenkjer på mogleg regjeringssamarbeid med Ap – er det trist å måtte åtvare nei-veljarar mot Ap. Men det er naudsynt når Soltenberg har laga ris til eigen bak. Berre han sjølv kan trekkje tilbake varselet om maktmisbruk i EU-saka. Før det har skjedd er oppmodinga til veljarane klår: Røyst for all del ikkje Ap om du er mot EU.
Steinulf Tungesvik