Nei frå Trond Giske

— Me er veldig skuffa. Giske seier at dette ikkje er store summar, men 300.000 […]

— Me er veldig skuffa. Giske seier at dette ikkje er store summar, men 300.000 kroner i vår samanheng er ein stor sum, seier Liv Herborg Wold, leiar i styret for Kyrkjetunet.
For to veker sidan spurte Dagfinn Høybråten (KrF) statsråd Trond Giske kva han ville gjera for Kyrkjetunet etter at den raud-grøne regjeringa vil fjerna all statleg stønad til private kyrkjebygg. Det betyr at Kyrkjetunet mistar nesten 300.000 kroner i tilskot.
Svaret var lite opplyftande for Kyrkjetunet.
— Eg synest det er veldig skuffande. Han går ikkje inn i problemstillinga i det heile tatt, seier Dagfinn Høybråten (KrF).
Giske seier i svaret sitt at det har gått tydeleg fram av reglementet at det ikkje kan gis førehandstilsegn om tilskot, og at trussamfunn ikkje kan budsjettera med arealtilskot når dei planlegg å oppføra eit bygg. Statsråden seier også at dette tilskotet har utgjort ein svært liten del av dei totale kostnadane ved private kyrkjebygg, og at dette tilseier at kyrkjelydane har måtta finansiera lokala sine med andre midlar.
— Han viser inga forståing for kva eit slikt beløp betyr. I forhold til friviljug arbeid er det mykje pengar. Dette er feil kurs for det friviljuge arbeidet i Noreg, seier Dagfinn Høybråten.
Regjeringa har fleirtal i Stortinget, og difor kjem forslaget til å bli vedtatt.
— Me føler me ikkje får forståing for det arbeidet me gjer og at me ikkje blir rekna med. Dette er jo eit kulturarbeid for både unge og eldre, seier Liv Herborg Wold.