Nei til automatspel

Dette vedtaket skal som kjent prøvast i Eftadomstolen, av di Efta sitt kontrollorgan, ESA, meiner […]

Dette vedtaket skal som kjent prøvast i Eftadomstolen, av di Efta sitt kontrollorgan, ESA, meiner eit slikt monopol strir mot EU sine vedtekter om fri konkurranse.
I følgje Lotteritilsynet spelte norske spelarar bort 5,2 milliardar kroner på speleautomatar i 2005. Det er 15 656 oppstilte speleautomatar; 5500 står i butikkar og kjøpesentra, 4200 i kioskar, 2200 på bensinstasjonar og 2200 på serveringsstader. Rundt to milliardar av inntektene blir fordelte mellom 5578 små og store ideelle lag og foreiningar. To milliardar av inntektene går til 252 automatselskap og rundt ein milliard går til innehavarane av lokala der automatane står oppstilte.
Inntrykket som er gitt tidlegare er at så godt som alle inntektene frå spelinga går til ideelle lag og foreiningar. Det viser seg å vera feil. Det er andre som har større profitt på spelinga. Ei rekkje kjende forretningsfolk er mellom dei som håvar inn pengar frå automatdrifta. Dei siste dagane er det på nytt avslørt store personlege tragediar som følgje av speleavhengighet. Det er vanlege folk som spelar seg frå gard og grunn. Ikkje få av dei ser ingen annan utveg enn å ta sitt eige liv. Tilbake sit pårørande i stor sorg og eit økonomisk uføre.

Leiaren av kulturkomiteen på Stortinget, May-Helen Molvær Grimstad (KrF), ber nå kulturminister Trond Giske om å utgreia totalforbod mot alle speleautomatar. Trond Giske på si side uttrykte på TV sist veke at det var nødvendig å venta på resultatet i Eftadomstolen før han gjorde noko meir med saka. Det er det same som å fråskriva seg ansvar. Skulle det bli fleirtal for totalforbod, noko som må vera det einaste rette, har saka ikkje lenger noko i Eftadomstolen å gjera. Vår oppmoding til Trond Giske er å ta Molvær Grimstad på ordet og setja i gang utgreiing om totalforbod snarast. Dei to milliardane som ideelle lag og foreiningar taper, har oljelandet Noreg råd til å kompensera på andre måtar.