Nei til kok/kjølmat

På møte den 3. mars i Ølen Pensjonistlag vart det vedteke å senda følgjande uttale […]

På møte den 3. mars i Ølen Pensjonistlag vart det vedteke å senda følgjande uttale til Vindafjord kommunestyre:
Ølen Pensjonistlag går sterkt i mot at kokt mat som vert nedkjølt, vakumpakka og oppatt varma, skal serverast til sjuke og eldre på omsorgsheimane.
Gjennom bladet Grannar er me blitt kjende med at kommunestyremedlemer har smaka på oppatt varma middag og fleire av dei meiner det er god nok middag for eldre. Me har ikkje merknader til at kommunestyremedlemer som ynskjer det, får slik mat. Men det er liten ære i å nøya denne maten inn på ei svak gruppe som dei sjuke og eldre er.
Nei! Lat dei eldre få oppleva nykokt, smaksmessig god middag slik som dei er vane med frå før. Me vil oppmoda om at kommunestyret avviser påtenkt ordning med servering av oppatt varma middag til eldre og sjuke.
40 medlemer møtte på møtet.
Uttalen er samrøystes.

Styret i pensjonistlaget:
Margrethe Opheim
Kristine Bakke
Laila Haugland
Johannes Risøy
Karl J. Granberg