Den same type mat som dei i Bergen nå vil gå bort frå. Før politikarane i Bergen bestemte seg for om dei skulle halda fram med den oppvarma maten, måtte dei nemleg smaka på maten. Og den var så dårleg at ingen ville gå god for den. Det fortalde dei for open mikrofon på radioen.
Det må vera eit minstekrav at dei som bestemmer kva mat dei gamle skal eta, må smaka maten sjølve. Eit krav er at dei et den oppvarma maten kvar einaste dag i minst ei veke før dei bestemmer seg.
Men kvifor er det alltid dei gamle som skal lida når kommunen skal spara pengar? Først las me at dei stengde den nye avdelinga ved Etne omsorgssenter og at dei gamle måtte flytta att og fram. Så auka dei husleiga til dei gamle med nesten 1.000 kroner i månaden. Det siste dei skal spara på er maten. Me må spørja kva blir det neste? Kanskje det blir fôring intravenøst. Då kan dei spara både mat og folk på jobb? Det skulle ikkje forundra oss.
Me må spørja kva dei tenkjer med dei som kan komma med noko sånt som dette.
Me kan heller ikkje forstå at det er så mykje å spara på å leggja ned kjøkkena. Maten skal jo både fraktast og varmast opp att. Men det verste er at maten ikkje er etande. Det er prøvesmakinga i Bergen det beste bevis på.
På vegner av mange rasande etnebuar,
Turid Rafdal