Neste stopp Japan

På tysdag rettar ho nasen mot den store verda. Det er ingen tvil om at […]

På tysdag rettar ho nasen mot den store verda. Det er ingen tvil om at raudtoppen frå Ølen er ei tøff dame. Heilt åleine reiser ho til Japan med kunsten sin.
– Det er nesten som eg ikkje trur det er sant, det er så stort. Tenk at på grunn av ei internettside så får eg oppleva dette, seier ho.
Rosemålaren frå Ølen er ikkje noko mindre enn hovudattraksjonen i galleriet, som ligg i toppetasjen på det enorme kjøpesenteret Takashimaya i storbyen Nagoya. Truleg kjem nærare 5000 japanarar til å vitja utstillinga til Unni Marie Lien kvar dag.

Rosemålte koffertar
– Dei siste dagane har eg byrja å gruegleda meg. Det er så nytt, og alt har gått så ekstremt fort. Det er berre fem små månadar sidan eg vart kontakta av gallerieigaren fru Akutso for fyrste gong, og på tysdag reiser eg til Japan. Det er heilt uverkeleg, seier ei oppspelt Unni Marie Lien.
Ingenting er tilfeldig når Unni skal ut i den store verda for å promotera kunsten og landet sitt. Den siste veka har ho mellom anna rosemålt koffertane sine.
– Skal eg først ut på ein så eksklusiv tur, så skal eg i alle fall reisa med stil, seier ho.

Luksushotel
Og eksklusivt blir det. Som hovudattraksjon under den enorme utstillinga skal ho som seg hør og bør bu på eit luksushotell.
– Sjå her. Det er både spa, basseng, restaurantar og alt ein kan drøyme om på hotellet. Eg kjem sikkert til å bli aldeles overvelda, seier ho og syner dei innbydande bileta frå hotellet på internett.
Alt saman blir dekka av dei japanske vertane.
I fylgje Unni er Skandinavia og då spesielt Noreg, det mest eksotiske som fins i Japan for tida, og at japanarane meinar alvor med invitasjonen er det ikkje tvil om. Sjefen for galleriet der Unni Marie Lien skal vera gjest, reiste eins ærend frå Japan til Ølen for å ynskje ho velkomen.
– Eg forstod liksom ikkje vitsen med at han skulle reisa så langt for å gjera det, men det er slik ein gjer det i Japan, seier ho.

Puggar japansk
I løpet av besøket viste ho herr Makoto Ito, butikken sin og delar av Ølen, i tillegg baud ho på både lunsj og middag på Eide gard.
– Både han og tolken som er busett i Sverige var overbegeistra, seier ho.
Unni Marie Lien ynskjer å visa japanarane den same respekten som dei har vist henne. Difor har ho i løpet av dei siste vekene pugga japansk for harde livet. Den eine japanske replikken etter den andre trillar ut av Unni.
– Eg har lært meg å seia, takk for maten, snakkar du engelsk, eg forstår ikkje, god dag og god kveld og litt andre nyttige ting. Så gjenstår det å sjå om dei forstår meg, seier ho med eit smil.
Raudtoppen frå Ølen er verkeleg i vinden. For nokre veker sidan fekk ho e- post i frå Taiwan. Det viste seg at også gallerirepresentantar derifrå ynskjer seg ein bit av henne.
– Då eg fortalde dei at eg skulle til Japan, vart dei heilt ville. Dei avtala å møta meg i Japan den 20. desember, seier ho.
Under opphaldet vil også den turismeinteresserte rosemålaren gjere sitt beste for å lokka japanske turistar til Vindafjord og Etne kommune på ferie. Bilete frå distriktet vårt skal rulla og gå på ein skjerm i galleriet, og forhåpentlegvis vil mange fatta interesse for reisemålet.

Heim til jul
– Når det kjem opp i mot 5000 menneske med interesse for Skandinavia innom i løpet av ein dag, så ville det vera rart om ikkje nokon ynskjer å feriera i området vårt. Dette er ein fantastisk sjanse til å marknadsføra Vindafjord og Etne i Japan, og den sjansen har eg tenkt å gripa, seier ho.
Den nybakte bestemora kjem heim att vesle julaftan. Då skal ho feira jul saman med familien i Tønsberg.
– Det blir julegåver i frå Japan i år. Eg håpar berre eg får tid til å handla og sjå meg litt omkring, når eg først er på dei kantar. Slik eg har forstått vertane mine i Japan, så håpar dei at dette vil bli eit langsiktig samarbeid over 10-20 år. Dersom det blir tilfelle får eg nok høve til å sjå meir av Japan ved seinare høve. Det blir ein veldig spanande tur som kan få mykje å seia for framtida mi, og eg er kjempespent, seier Unni Marie Lien.