Nestekjærleik

Kommunalminister Erna Solberg seier tvert nei til å auka talet frå 750 til 1 500 […]

Kommunalminister Erna Solberg seier tvert nei til å auka talet frå 750 til 1 500 kvoteflyktningar per år når kvoten skal regulerast i 2005. Tvert imot meiner ho at talet bør ned. Grunngjevinga hennar er at kommunane ikkje er klare til å ta imot fleire flyktningar.
Det er FN sin høgkommissær for flyktningar som har bede Noreg om å dobla talet på kvoteflyktningar. I NRK Dagsnytt torsdag morgon reagerte høgkommissæren med vantru på at Noreg, eitt av verdas rikaste land, ikkje vil ta imot fleire flyktningar.
Noreg reduserte sin kvote frå 1 500 til 750 i 2002. Intensjonane bak vedtaket var at det var ei mellombels løysing til ein fekk ordna opp i problemet med dei «grunnlause» asylsøkjarane. Nå er det problemet løyst, og bør derfor ikkje vera til hinder for å auka talet på flyktningar igjen.
I følgje høgkommissæren er det rundt
250 000 av verdas 40 millionar flyktningar som skal busetjast i eit tredje land. Av desse skal 100 000 fordelast i Europa. Det er derfor ikkje store prosenten høgkommissæren ber Noreg om å ta imot.
Med flyktningkatastrofen i Sudan, pluss mange andre område rundt i verda, er det rett og slett skammeleg av Noreg å seia nei. Korleis kan ein statsminister frå KrF forsvara eit slikt avslag? Kvar er nestekjærleiken som me les om i Bibelen Bondevik?
Dersom ikkje regjeringa snur, får me setja vår lit til at dei andre partia på Stortinget ryddar opp og viser at det ikkje berre er i ord og tale Noreg er landet med det store hjarta, men også i handling.
Lensa Guluma (20) frå Etiopia kom saman med fleire andre som kvoteflyktning til Noreg og Etne vinteren 2001. På dei tre og eit halvt åra som har gått, har ho lært seg norsk og gjort unna to år på Ølen vidaregåande skule. No reiser ho til Bergen for å byrja i lære som omsorgsarbeidar. Målet er å bli sjukepleiar.
Lensa Guluma, og mange med henne, er eit bevis på at det ikkje er bortkasta pengar å ta imot kvoteflyktningar. Tvert om representerer dei ein ressurs som det er stor bruk for her i landet.