Nesten til finalen

Skøyteløparen frå Bjoa hadde størst problem med 500 meteren i kampen om å kvalifisere seg […]

Skøyteløparen frå Bjoa hadde størst problem med 500 meteren i kampen om å kvalifisere seg til den avsluttande 5.000 meteren. Men på 1.500 og 3.000 var han blant dei 12-13 beste og kunne ha lege an til kvalifisering med ein god sprint som utgangspunkt. Han kom på ein 18. plass i samandraget.
Hetland går for Stavanger Skøyteklubb og det var ingen deltakarar frå denne klubben som kvalifiserte seg til å gå den fjerde og lengste distansen i VM. Kondisfantomet frå Bjoa deltok i sitt 9. VM på rad.