Forventningsfulle barn og kanskje litt mindre spente foreldre fylte den ombygde barnehagen til randa til marsjstart klokka fem om ettermiddagen. Dei har ikkje alltid vore like heldige med vêret tidlegare år, men denne gongen var det ikkje behov for sydvest og regnhyre. Nissen smådansa rundt i mørke Sandeid-gater, så glad og ivrig var han over å få treffa så mange snille barn på ein gong.
Og det var ikkje berre nissen som hadde trekt i raudt og kvitt. Svært mange av barna og somme av foreldra hadde kledd seg ut som reinaste smånissar.
I barnehagekafeen var det kakao og nysteikte lappar å få kjøpt, og sanneleg tok nissen seg ein tur rundt på alle avdelingane og leita opp barn som skulle få gåver. På ryggen hadde han ein diger postsekk med norske flaggfargar på. Så er kanskje nissen norsk likevel, sjølv om finnane meinar at han bur i Rovaniemi. For at denne nissen var ekte, det var det ingen barn som stilte spørsmålsteikn ved.
Barnehagebarna avslutta kvelden med å samla seg framfor fjernsynet, der det var både blå og raude nissar å sjå.
Nissen kom med postsekk
Forventningsfulle barn og kanskje litt mindre spente foreldre fylte den ombygde barnehagen til randa til […]